Då var me i gong med tv-produksjon. Det fine er at me kan jobbe saman to og to. Det kjipe er at det er veldig mykje meir å tenkje på enn på radio.
Me starta med ein tulledag der me berre skulle leike oss med kameraet. Eg, Sara og Mathias laga Brennpunkt-parodi om 150000 sauar som plutseleg forvann frå Førde. Gøy, men berre rølp.

Vår neste oppgåve var å laga noko meir seriøst. Meg som reporter og Mathias som fotograf. Ordføraren i Førde vil gjere bilbyen Førde til sykkelby, og dette skulle me lage sak om. Sak vert det, men den vert nok aldri vist offentleg. I alle fall ikkje om det er opp til meg. Ikkje fekk me tak i ordføraren, og me fann ikkje ein einaste syklist i sentrum. Dette var nemleg ein av dei verste regndagane her i byen, og det seier sitt. Men me lærte mykje, og neste gong vert nok betre.
I dag skal eg ut og filme litt åleine. Eg veit ikkje heilt kva enno, men eg kjenner ei dragning mot vatn i dag. Noko som ikkje burde vera for vanskeleg å finne.