Søk

Journalist. På ordentleg.

okt 7

Posta av: Aleksander Vallestad
07.10.2009 15:58 

Tysdag 29. september hadde reporter i Banden på P3, Håkon Løtveit, eit utbrot mot nynorsken der han verkeleg hata nynorsk. Reportasjen laga telefonstorm hjå redaksjonen; folk meinar nemleg mykje om språk.

Eg var ein av dei som reagerte, og eg svara med eit kåseri, som vart sendt på Banden måndag 5. oktober.

Banden satte i gong ei avstemming for å finne ut kven som hadde rett. Meg eller Løtveit. Halvvegs ut i programmet tok dei ei oppdatering. Då leia eg med 67 % av stemmene. I skrivande stund ligg eg på 68 %, og det kan vel reknast som sluttresultatet. Så det kan me nok leve lukkelege med, i alle våre dagar.

 Her er kåseriet i tekstform:

Eg brukar nynorsk, det er språket mitt, og det har eg gjort heile livet. Eg er ikkje ein utprega målmann eller aksjonist, det er rett og slett ein del av mi identitet. Når Harald Eia lagar sketsjar om nynorskfolket med muskedunderar og haldningskampanjar ler eg med og tykkjer det er hysterisk morosamt. Men når ein kollega i NRK i Banden på P3 i fullt alvor seier at han hatar nynorsk, får det meg til å tenkje. Ja, eigentleg gjer det meg mektig forbanna. Men før eg går vidare, skal eg oppsummere litt:

Tysdag 29. september hadde Banden ein reportasje der reporteren i fri utfolding legg ut om kor mykje han hatar nynorsk. Det eg reagerer på er at det her synes klårt og tydeleg noko eg har mistenkt lenge. Eg tilhøyrer ein minoritet som fritt fram kan hetsast. Utan atterhald. Eg er som sagt ingen nynorskfantast, men når nokon seier at dei hatar noko som er ein stor del av mi identitet, må eg jo berre ta det innover meg. Nokon hatar rett og slett mitt språk! Ville det ikkje vekka reaksjonar om nokon sa at dei hatar samar? Eller innvandrarar?

Banden tenkte kanskje at no hadde dei laga ei sak som var herleg politisk ukorrekt. Det har dei ikkje. Ingen brannfaklar vert kasta inn, ingen lukka dører vert sprengde. Det er berre ei type hetsing av ein minoritet som er totalt akseptert i Noreg.
 
 Eg tykkjer det er fordummande å seie at folk ikkje kan lære to målformer. Vestlendingar er vel ikkje smartare enn austlendingar? Eg klarte å lære meg båe nynorsk og bokmål, og skriv like godt i begge målformene. Utan å leggje ord i reporteren sin munn, ser eg for meg å kunne få følgjande argument mot meg: Eg har høyrt bokmål på tv og radio heile livet. Så det er jo lettare for meg. Men det er å snu problemstillinga på hovudet. Om alle hadde høyrt nynorsk på tv og radio i heile oppveksten hadde det kanskje ikkje vore eit problem å bruke det.

I reportasjen vert det sagt at berre 10 % nyttar nynorsk i Noreg. Kva så? Det er ganske mange hundre tusen sitt språk det her er snakk om. Eg vil ikkje at språket mitt skal vera eit b-språk som er underlagt eit anna. Og eg har ingenting imot bokmål. Eit språkleg mangfald meiner eg er bra for Noreg. Og reporteren skal sjølvsagt få bruke bokmål så mykje han vil.

No kunne eg sjølvsagt avslutta i Otto Jespersen-stil og sagt at eg hatar bokmål. Det skal eg ikkje og det gjer eg ikkje. Så eg nøyer meg med å seie at journalistar som hatar eit språk kan dra til helvete!

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Aleksander Vallestad

Eg heiter Aleksander Vallestad og er nynorsk journalistspire. Her i bloggen min kan du lese om mine eskapadar som nynorskpraktikant hjå NRK Nynorsk Mediesenter. Det store spørsmålet er: Vil eg verte ein dyktig journalist, eller vil eg gå på trynet? Følg meg på vegen mot å verte journalist. På ordentleg.

 

Søk i bloggene