Dei siste dagane har me hatt besøk av Andreas Grimsæth frå NRK Hordaland. Han jobbar i naturredaksjonen, mellom anna med yr.no, og har etter kvart gått over som fast nettjournalist.
Nettjournalistikken har lenge vore stebornet i NRK, men vert i dag satsa på. Men framleis er det radio og tv som kjem i fyrste rekkje. Dette ber og mykje av nettjournalistikken preg av, nemleg å vera avskrive frå tv og radioinnslag. Grimsæth skulle lære heve oss over dette og ikkje berre skrive på nett, men for nett.
Klarte han det? Me tok entusiastisk mot poenget og satte i gong for å lage våre fyrste nettsaker i NRK. Same dag hadde Sara nettsak på NRK Sogn og Fjordane, og Bjørn Ivar klarte til og med å elge seg inn på yr.no. Ingen dum start altså.
 |
| Andreas Grimsæth lærde oss om nettjournalistikk. |