Søk

Journalist. På ordentleg.

sep 28

Posta av: Aleksander Vallestad
28.09.2009 10:54 

Onsdag retta me snuten mot austlandet og Tigerstaden. Besøk hjå mediebedriftar sto på programmet, men fyrst av alt skulle me få litt kulturelt drivstoff. 

Jesus Christ Superstar på Det Norske Teateret, med Hank von Helvete frå Turboneger i rolla som Jesus, har fått gode kritikkar. Eg er ein gamal fan av musikalen og stilte difor med ein viss skepsis. Turboneger-vokalisten er ein god underhaldar, men ein kan ikkje påstå at han er ein stor songar. Rolla som Jesus er krevjande, og diverre må eg seie at han falt gjennom. Både som songar og skodespelar. Men det var uansett gøy å sjå, og musikken er jo framleis glimrande!

Morgonen etter tok me turen til Marienlyst for samtalar og omvisning. Me byrja med deltaking på Dagsnytt sitt morgonmøte der dei evaluerte dagens sending. Eg høyrer på Dagsnytt og Nyhetsmorgen kvar dag, og det var spennande å sjå det heile bak kulissene. Ein kunne godt sjå føre seg ei framtid der!

 

Christian Borch gav oss omvisning i det aller heilagste, Studio 5, der Dagrevyen vert sendt frå.

 

Me traff og mange av dei tidlegare nynorskpraktikantane. Svein-Ove Hansli var her i Førde på det aller fyrste kullet, og er i dag vaktsjef på Dagsrevyen. Han kom med gode råd for oss som vil inn og bli i statskanalen.  - Vær positiv, ta initiativ og gjer det lille ekstra.

 

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Aleksander Vallestad

Eg heiter Aleksander Vallestad og er nynorsk journalistspire. Her i bloggen min kan du lese om mine eskapadar som nynorskpraktikant hjå NRK Nynorsk Mediesenter. Det store spørsmålet er: Vil eg verte ein dyktig journalist, eller vil eg gå på trynet? Følg meg på vegen mot å verte journalist. På ordentleg.

 

Søk i bloggene