Kva potensial ligg i stemma mi? Korleis kan eg skape variasjon? Kva verkemiddel kan eg ta i bruk? Dette var spørsmål då me hadde besøk av Jorid Løvbakk, som er NRK sin huslogoped. Me hadde fått åtvaringar om at dette skulle vera dagen der stemma vår, vårt akustiste fingeravtrykk, skulle plukkast frå kvarandre og setjast saman igjen. Nådelaust og brutalt.
Den vesle nordlendingen som kom inn dørene våre var ikkje fryktinngytande, men kunne utsjånaden ljuge? Det byrja forsiktig med eit føredrag om stemmebruk. Me fekk høyre om ymse stemmekvalitetar, unotar i formidlinga og kva som kjenneteiknar ein proff stemmebrukar. Ein mjuk start.
Så kom boblene. Fyll fire cm varmt vatn i ei flaske. Stikk så eit røyr oppi. Syng så mørke tonar gjennom røyret. Vatnet boblar som saftglaset til ein treåring. Dette varmar opp stemma og er i tillegg overraskande meditativt. Ikkje dumt å gjere i ein stressa kvardag der ein må stole på at stemma skal bæra ein opp og fram.
 |
| Nei, det er ikkje ei vasspipe, men derimot vår eiga private stemmeoppvarmar. |
Etter lunsj skulle me sjølve i elden. Simon var fyrstemann ut til å lese sine eigne tekstar. Og her gjekk Jorid nådelaust til verks. Setning på setning vart terpa på, og Simon sitt allereie godt innarbeidde mønster vart brote ned, stein for stein.
Etterkvart vart det min tur. Fyrst skulle eg lese ei nyheitsmelding. "Du må ikkje ha så fancy melodi i nyheitslesinga di. Det er litt for munnleg". Jaja, det skal eg nok klare å gjere noko med. Men så kom den største utfordringa, og for å forklare det må eg nok ta lesarane med tilbake nokre år.
På vidaregåande gjekk eg på musikklina, der eg hadde song som hovudinstrument. Der jobba eg mykje med å kunne syngje lyst for å kunne synge dei kulaste musikalrollene, som stort sett er tenorar. Dette kunne Jorid høyre frå stemma mi. Ho meinte nemleg at ved å trene meg opp på dei lyse tonane, hadde eg øydelagt noko av den mørke klangen min. Eg hadde rett og slett litt for lys stemme. Så no er det berre å setje i gong med stemmeøvingar for å få ein djupare klang. Det er ikkje gjort over natta, men som gammal songar er eg vand med å jobbe med stemma. Så det skal nok gå.
 |
| Vår eminente logoped, Jorid Løvbakk. |
Så, var timane med logopeden nådelause og brutale? Nei, eg tykkjer det var svært nyttig og lærerikt. Eg fekk satt ord på ein del utfordringar, og fekk gode verkemiddel for å gjere noko med dei. Eit høgdepunkt til no!