Søk

Journalist. På ordentleg.

sep 3

Posta av: Aleksander Vallestad
03.09.2009 10:11 

Ok, no har me vore her i litt over ei veke og det er på tide å gjere opp status. Går barometeret mot journalist på ordentleg, eller går det på trynet? Tysdag 01/09 fylde Nynorsk Mediesenter fem år. I det høve vart det arrangert eit seminar om mangfald i NRK, og me skulle dekkje det. Mi oppgåve var å lage eit radioinnslag frå konferansen, og fokus mitt var undersøkjinga om nynorskbruk i NRK.

Eg hadde bitt meg merke i at folk faktisk sluttar å skrive nynorsk når dei byrjer i NRK, og dette krevde kritiske spørsmål. Så mine fyrste intervjuobjekt vart ingen ringare en språkrådssjef Sylfest Lomheim og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas. Diverre er det nok ingen som får høyre intervjua, då dette var den fyrste av ei lang rekkje øvingsoppgåver. Men ei god erfaring var det uansett, og gav definitivt meirsmak.

 

Foto: Simon F. Solheim/NRK

 

Så kva er så status? Eg trur barometeret vippar litt meir mot å lukkast. Men sensuren frå lærar Geirmund er enno ikkje fallen, så her kan alt skje. Følg med vidare for å sjå korleis det utviklar seg!

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Aleksander Vallestad

Eg heiter Aleksander Vallestad og er nynorsk journalistspire. Her i bloggen min kan du lese om mine eskapadar som nynorskpraktikant hjå NRK Nynorsk Mediesenter. Det store spørsmålet er: Vil eg verte ein dyktig journalist, eller vil eg gå på trynet? Følg meg på vegen mot å verte journalist. På ordentleg.

 

Søk i bloggene