Og så var tida her. Livet som nynorskpraktikant kunne byrje. Dette var dette eg hadde venta på sidan eg fekk ja på søknaden i april. NRK har alltid hatt ei stor tiltrekkingskraft på meg, og det å jobbe i NRK har vore som ein fjern draum. Men no skulle det byrje; eg skulle bli journalist. På ordentleg.
Bilen vart pakka og turen frå Oslo til Førde vart unnagjort. Etter ei helg med akklimatisering i regnbyen Førde (som for ein gong skuld heldt seg noko lunde tørr for oss nyankomne), var arbeidet i gong på NRK Nynorsk Mediesenter, og kjensla eg hadde kan nok nærast samanliknast med fyrste skuledag. Eg var svolten på nye røynsler og klødde i fingrane etter å få setje i gong som journalistspire i NRK. Dei fyrste dagane var sjølvsagt prega av mykje ny informasjon og mange å helse på, og me fekk for fyrste gong tatt plassen me skal tilbringe det meste av vår tid gjennom dei neste fire månadene i nærare augesyn. Med vår eigen tumleplass på ”loftet”, topp utstyrt med radio og tv-utstyr, ligg det an til å bli mange seine kveldar for ein utstyrsnerd som meg.
Opplæring i NRK sine system høyrer med. Og etter å ha fått grundig innføring i både tekstbehandling og radioredigering, er eg nesten overraska over kor lett det er å bruke. Ingen overdrivne vanskelege program som ein må ha doktorgrad i it-teknologi for å bruke. Her står innhald i sentrum, ikkje sjølve produksjonen. Men likevel leverer NRK det beste av norsk tv og radio. Dei har skjønt det same som Rema 1000; det enkle er ofte det beste!
Når me i dagane, vekene og månadene framover skal lære oss å bli gode nynorskjournalistar i etermedia, slår det meg kva for ein sjanse me eigentleg har fått. Me skal bli opplærd og forma av NRK, med NRK, i NRK. Me får ikkje berre ei hjelpande hand inn i journalistikken, men nærast eit spark inn. Eg ser fram til å lære, utvikle meg og få journalisten i meg ut av magen og på lufta!
Vil du sjå om eg vert ein flink journalist, eller om eg går heilt på trynet? Følg med her på bloggen!