2010 vil i ettertida stå igjen som året der eg kom heimatt til gamle trakter. Etter fleire år i eksil i Oslo og Førde er eg no tilbake i gode gamle Hordaland. Eg har flytta til Laksevåg i Bergen, plassert kona trygt i sjukepleierstilling på Haukeland og starta arbeidet i NRK Hordaland.
Og det kjennes godt å vera heime. Her kor folk snakkar som meg og vêret absolutt ikkje er til å stole på.

Ut februar skal eg ha eksternpraksisen min her i NRK Hordaland på Minde i Bergen. Og her kan eg trivast. Mine fyrste veker har vore spennande og interessante. Til no har det godt mykje i radio, men eg har óg fått jobba som videojournalist i denne reportasjen. Eg har vorte svært godt motteke, og takhøgda er høg for eigne idéar og prosjekt.
Strukturane her er noko annaleis enn i NRK Sogn og Fjordane, men ikkje verre enn at det fort kjem inn i fingrane. Den største forskjellen er nok at her står stort sett heilt på eigne bein. Ingen medpraktikantar å klage til på kjipe dagar og ingen lærar å støtte seg på. Men eg har fått ein fadder, tidlegare nynorskpraktikant Sølve Rydland. Han er god å ha.
Einaste bakdel med å flytte til Bergen er at eg kom på det verst tenkjelege tidspunkt. "Bergen mest forureina i Europa" møtte meg. Og lufta var ikkje akkurat frisk fjelluft. Faktisk var det så dårleg at den slo ut allergikaren meg eit par dager. Men no tar eg he,m ved å lage saker om det.
For dei som måtte vera interessert i å høyre kva eg driv med på radioen, skal eg få lagt det ut snart. Så følg med!