Søk

Journalist. På ordentleg.

des 11

Posta av: Aleksander Vallestad
11.12.2009 14:34 

I dag har eg gjort noko eg aldri har gjort før. Eg las nemleg nyhendene for fyrste gong.

Nyhende går sjølvsagt på direkten, og sjølv om eg etterkvart er vorte vand med å høyre mi eiga stemme, var dette noko heilt anna enn å lese inn sine eigne saker. Her er det lite rom for feil. Det skal vera fin flyt, til og med bestemor på 86 skal få med seg alt, og trykket skal liggje på dei riktige plassane.

Sommerfuglane kom flygande i magen, men nervene slo faktisk mest ut etter sending. Småleg skjelven og utruleg kaffitørst kom eg ut frå studio. Men adrenalinrush var det definitivt; dette vil eg gjere igjen!

Heldigvis kom det ingen graverande feil, sjølv om eg nok har mykje å gå på som opplesar av nyhendene.

Om du vil høyre korleis det gjekk, kan du gjere det her.

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Aleksander Vallestad

Eg heiter Aleksander Vallestad og er nynorsk journalistspire. Her i bloggen min kan du lese om mine eskapadar som nynorskpraktikant hjå NRK Nynorsk Mediesenter. Det store spørsmålet er: Vil eg verte ein dyktig journalist, eller vil eg gå på trynet? Følg meg på vegen mot å verte journalist. På ordentleg.

 

Søk i bloggene