Søk

Journalist. På ordentleg.

des 8

Posta av: Aleksander Vallestad
08.12.2009 11:12 

I dag er fyrste dagen min i tv-praksis. Planen i dag er å vera skuggereporter og følgje eit tv-team, og frå i morgon lage mine eigne saker. Dette ser eg verkeleg fram til.

Men når ein har tv-praksisen heilt til slutt, sånn som meg, er det vel ikkje til å unngå å allereie ha prøvd seg litt fram.

I eit tidlegare innlegg kan du sjå innslaget som eg og Simon laga om Bondens marked i Førde, og for nokre veker sidan laga eg sak frå eit noko spesielt plateslepp i Årdal til Vestlandsrevyen. På denne saka var eg såkalla VJ (=videojournalist, noko som tyder at ein gjer alt sjølv, båe reporting, filming og redigering). Saka kom og på Norge i dag i Dagsrevyen (spol til 15:59).

Og i helga leverte eg til Vestlandsrevyen ein såkalla STK med sync (=studiokommentar, noko som vil seie at programleiaren snakkar oppå bileter og så kjem eit intervjustrekk) frå NM i vektløfting.

Men no skal eg altså jobbe med tv på eit litt meir organisert plan, så for dei som kan, følg med på Vestlandsrevyen!

 

 

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Aleksander Vallestad

Eg heiter Aleksander Vallestad og er nynorsk journalistspire. Her i bloggen min kan du lese om mine eskapadar som nynorskpraktikant hjå NRK Nynorsk Mediesenter. Det store spørsmålet er: Vil eg verte ein dyktig journalist, eller vil eg gå på trynet? Følg meg på vegen mot å verte journalist. På ordentleg.

 

Søk i bloggene