Søk

Journalist. På ordentleg.

des 8

Posta av: Aleksander Vallestad
08.12.2009 10:49 

No er det jammen lenge sidan eg har oppdatert bloggen. Og det har ikkje med at det har vore lite å gjer. Heller har det vore omvendt. Dei siste to vekene har eg nemleg vore på nettdesken, der det alltid er noko å gjere.

"Eg vil ha to saker innan tolv!" ropar frøken vaktsjef og svinger pisken. Og då er det berre å levere. Og det skal jo ikkje vera noko latmannsliv å vera nynorskpraktikant. Eller journalist for den del.

Eg har eigentleg trivdes svært godt som nettjournalist. Det har lenge vore eit forsømt område i NRK, men har vorte skjerpa mykje i det siste. NRK Sogn og Fjordane er nok mellom dei som har skjerpa seg mest, og eg tykkjer det er ein god nyheitsdriv i sidene no. Og så likar eg godt å flikke med tekniske duppedittar, og det er jo ingen bakdel når ein jobbar nett.

Søkemotoren på nrk.no funker dårleg, men dersom du vil lese nettsakene mine, kan du finne dei her.

Men før eg byrja på mine to veker på nettet, gjorde eg ferdig mine fire veker på radio.

Då laga eg mellom anna denne:

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/584107

Tags:

Namn:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

Aleksander Vallestad

Eg heiter Aleksander Vallestad og er nynorsk journalistspire. Her i bloggen min kan du lese om mine eskapadar som nynorskpraktikant hjå NRK Nynorsk Mediesenter. Det store spørsmålet er: Vil eg verte ein dyktig journalist, eller vil eg gå på trynet? Følg meg på vegen mot å verte journalist. På ordentleg.

 

Søk i bloggene