Veit du kva radon er? Det veit eg. Dei siste dagane har for meg nemleg stått i radonen sitt namn. Radon er ein gass i berggrunnen som siv opp i hus. Den er svært kreftfremkallande, og kvart år døyr 300 menneske av lungekreft grunna radon.
Etter eit tips ringte eg rundt til samtlege kommunar i Sogn og Fjordane, 26 stykke, for å finne ut kor god oversikt dei hadde over radoninnhald i bustadområde. Trenden vart snart klar. Dei hadde ikkje oversikt. Det førte til denne saka 06:45 i morgonsendinga.
Og saka vart plukka opp av Dagsnytt 11:00.
Vidare utover gårsdagen fylgde eg opp saka. Eg fann ut at det i dag faktisk ikkje finst nokon tilskotsordning for folk som vil minke radoninnhaldet i bustaden sin. Og det kan verte dyrt. I Fylkesnytt 12:00 kunne me fortelje at Statens strålevern vil no ha ordninga tilbake.
Statens strålevern fekk så i ettermiddagsendinga selskap av Kreftforeningen, som meinar at det er på høg tid at ei tilskotsordning kjem på plass.
Lurer du framleis på kva radon er? Les meir her!
Alt i alt ein produktiv, til dels stressande dag med vaktsjefen sin pisk smekkande over skuldrene. Men enormt gøy og motiverande!