I dag er siste dagen på loftet. For uinnvidde er altså loftet vår leikeplass. Andre etasje i NRK Sogn og Fjordane har til no vore vår trygge hamn og her har me hatt våre to fyrste månader med opplæring. To månader har jammen gått fort, og no byrjer alvoret.
På måndag startar me som praktikantar i redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane. Då er det slutt på å bruke ein ekstra dag på ei sak, slutt på Geirmund og Randi som held oss i handa, og slutt på vår eigen isolerte tumleplass.
Men korleis oppsummere dei fyrste månadene? Det har gått veldig fort, og me har vore gjennom meir enn eg nok kjem til å hugse. Men at opplæringa har vore god, er det ingen tvil om. Geirmund og Randi har vore flinke lærarar!
Me skal jobbe fire veker radio, to veker nett og to veker tv, for min del i den rekkjefølga. Sjølv om det er litt skummelt, er det aller mest gøy. Eg ser fram til å arbeide konkret fram mot sending og vera journalist. På ordentleg.








