"Då skal du på om tretti sekund" sa det i øyretelefonane. Eg hadde akkurat sprunge inn i eit rom fullt av slakta dyr. På hovudet hadde eg nett, plastikk på føttene og på kroppen. Eg såg i det heile tatt ut som ein massemordar med mikrofon. Slik starta mi fyrste direkteoverføring på radio.
For å skru litt tilbake. I dag skulle me for fyrste gong prøve oss på såkalla HF, som står for High frequency, eller høgfrekvens om ein vil. HF er det du høyrer når reporterar står på ein ulukkesstad, ei rasområde eller ein viktig pressekonferanse; "og reporter Aleksander Vallestad er direkte inne frå...".
Eg skulle i dag ta turen til Mo og Jølster Vidaregåande skule for å dekke eit kurs i foredling av kjøt. Men ikkje alt gjekk etter planen. Då Jens Stoltenberg gjekk ut frå slottet i dag for å presentere si nye regjering, gjorde han det nemleg 15-20 minutt etter skjema, noko som førte til at nyheitsendinga vart forsinka. Og for å gjere ein lang historie kort, fekk eg ikkje tak i direktesendaren før alt for seint, så då eg kom til kurset var det berre å springe inn på slakterommet og starte. Eg visste ikkje ein gong kven eg skulle prate med. "Då skal du på om tretti sekund" sa det i øyretelefonane. Då var det berre å setje i gong.
Men eigentleg gjekk det ganske så bra. Og no kan eg mykje meir om kjøtforedling, og enno meir om å prate på direkten. Desverre var det berre ei øving, som ikkje var tenkt for eteren, så kunnskapen vart desverre ikkje spredt til det ganske land. Men kjekt var det uansett; pulsen i hundre og over eit kvart støvleskaft.