Mediatrening og skrivekurs
Same kva verv eller posisjon du har i dag vert det forventa at du taklar media når det krevst. Det er sjeldan ei medfødd evne, men det nyttar å trene.
Føremålet med kursa våre er å gje folk kunnskap om og trening i media. Håpet er at dei skal bli trygge og frimodige nok til å våge seg frampå i det mediesamfunnet vi lever i. Vi held kurs for privat- og offentleg verksemd, lag- og organisasjonar og einskildpersonar som går saman om å kjøpe seg eit kurs.
Vi skreddarsyr kursa for oppdragsgjevaren, og lagar oppfølgingskurs om det er ynskjeleg. Kursa held vi i NRK-lokala i Førde - med tilgang til profesjonelle studio - eller der oppdragsgjevaren ynskjer.