Tilbakemeldingar på kursa i 2011
På denne sida finn de tilbakemeldingar på kursa vi har hatt. Vi gjev opp namn på kontaktpersonar slik at de - om de vil - kan snakke med dei om nytteverdien av kursa våre.
Direkte og konkrete tilbakemeldingar

22. november var Magni Øvrebotten og Randi Indrebø i Luster og hadde medietrening med fem kommunestyremedlemmer. Bortsett frå ordføraren var alle nye i kommunestyret.
Leiar for sørvistorget i Luster kommune, Anita Bjørk Ruud, var med på kurset som observatør og noterte stikkord frå oppsummeringa med deltakarane:
- Morosamt og lærerikt, bra at det var direkte på praktiske øvingar, god utnytting av tida, direkte og konkrete tilbakemeldingar, godt med to intervjurundar på kvar, fantastisk matnyttig, godt med god tid, lærerikt om korleis ein journalist tenkjer, veit ein del ting no som eg ikkje visste før eg kom, eg har aldri tenkt på at tv-bilete virkar så sterkt.
Fengande og nyttig
Tolv tilsette i Hordaland fylkeskommune var samla til nynorskkurs i Bergen den 24. november. Seniorrådgjevar Hanne Camilla Dyrnes har gitt oss nokre av tilbakemeldingane frå deltakarane: - Kurset var veldig godt, konkret, fengande og lærerikt. Formen var arbeidskrevende, men jeg synes at vi lærte mye.
- Nyttig med praksisdel med felles gjennomgang, særlig lærerikt når man gikk gjennom egen tekst.
- Det var greitt at vi begynte med foredrag frå kursleiar i første del, og at vi fekk arbeide med eigne tekstar i andre del. Litt knapp tid kanskje?
- Eg syns kurset var godt. Vil anbefale kurset til alle som treng ei oppfrisking av grammatikken. Kursleiar var flink, skapte raskt eit godt engasjement i gruppa. Ynskjer å kunne førebu meg betre på tekstane, fekk dårleg tid her.
Kurshaldar i Bergen var Wenche Eikum.
Beredskapsøving

Helsedirektoratet hadde 16. november 2011 storøving i Loen for alle kommunane i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen og Helse Førde. Tema for øvinga var uvær med flaum, ras, stengde vegar osv. Nynorsk mediesenter med Wenche Eikum og Inge Kjell Holme var hyra inn for å lage radiosendingar, intervjue deltakarar, og evaluere innsatsen deira med tanke på krisekommunikasjon.
- Arbeidet ble utført med høy kvalitet, engasjement og punktlighet. Det seier seniorrådgjevar Helen Christensen, i avdeling for beredskap i Helsedirektoratet. Det er andre gong at Helsedirektoratet har slik beredskapsøving i fylket. Forrige øving var pandemiøvinga i 2009.
Nyttig og lærerikt
--Kurset vart gjennomført av profesjonelle kurshaldarar, og det skapte tillit hjå deltakarane. Det seier Knut Leira, leiar av kraftstasjonsavdelinga i Tussa. Åtte personar frå kraftselskapet var samla til medietrening i Ørsta den 2. november.
-Gruppestorleiken samt at deltakarane var kollegaer, var positivt for kurset. Med tilbakemeldingar som: nyttig og lærerikt, dette freista til gjentaking, eller som ein sa det: "nærast knekt ei kode", tyder på at kurset gav godt utbytte, summerer Leira.
Kurshaldarar i Ørsta var Randi Indrebø og Wenche Eikum.
Tilpassa målgruppa
Sogn og Fjordane Bondelag samla den 3. oktober bondelagsleiarar frå heile fylket i Førde. Wenche Eikum heldt innleiing om å vere synleg i media, og å oppdage og formidle dei gode historiene frå kvardagsliv og organisasjonsliv.
Organisasjonssjef Merete Støfring, ga oss denne tilbakemeldinga: -Det er flott at innleiinga er krydra med døme frå den næringa tilhøyrarane representerer. Og det er viktig at du som innleiar synleggjer ein kjennskap til næringa og dei verdiane næringa har. Eit godt språk, med ein tydeleg bodskap illustrert ved plansjebruken. Vi er godt nøgde!
Livskraft og stå-på-vilje
Korleis skape blest om bygda si var eitt av tema då Fylkesmannen hadde oppstartsamling for to nye bygder i bygdeutviklingsprogrammet. Folk frå Nye Bremanger og Instedalen var samla, og Wenche Eikum var invitert for å halde foredrag. Her er tilbakemeldinga prosjektleiar Randi Erdal sende oss:
-Wenche byrja med å samanlikne små bygder på Vestlandet med løvetann. Eit augneblink tenkte eg at no har vi bomma med programmet. Men eg skjøna fort at dette var medvite frå foredragshaldaren si side. Ho fekk oss rett inn i temaet med korleis få merksemd. Vi følgde godt med på kva meir ho ville fortelje: Livskraft og stå-på-vilje er det eg tenkjer på samstundes som det er viktig med djupe røter.
Ved å bruke gode døme og morosame historier, fekk ho oss til å forstå meir av korleis ein journalist tenkjer. Dette er ei ny verd for meg, og eg trur dei som har delteke på samlinga har fått nyttige tips til korleis dei kan profilere bygda si, seier Randi Erdal.
Samlinga var i Instedalen i Naustdal 29. september.
Relevant og viktig
- Våre deltakarar hadde stort utbytte av nynorskkurset. Kurset var skreddarsydd for oss, og sette spesielt fokus på kor viktig det er å skrive klart og tydeleg for å få fram den rette bodskapen i all kommunikasjon. Det seier marknadskonsulent i Sparebanken Vest, Tom-Øyvind Solheim.
- Undervegs fekk vi sjå både gode og dårlege eksempel på ulike typar kommunikasjon. Det var og sett av tid til å jobbe med eigne tekstar, der desse vart gjennomgått i plenum, med rettleiing frå kurshaldar. Alt i alt er vi svært nøgde med kurset. Spesielt hadde vi stort utbytte av å jobbe med språk og forenkling av tekstar, avsluttar Solheim.
Kurset vart halde i Selje 24. mai med leiarar i Sparebanken Vest frå heile Sogn og Fjordane. Kurshaldar var Wenche Schanke Eikum.
Motiverande opplegg
- Ho hadde skreddarsydd eit opplegg som klargjorde kor viktig det er for våre tilsette å skrive klart og tydeleg. Frå tilsette har vi fått tilbakemelding på at språkkurset verka motiverande med tanke på å jobbe vidare med klarspråksprosjektet vårt. Det seier leiar av klarspråkprosjektet til Lotteri- og stiftelsestilsynet, Rune Timberlid. - Vi var godt nøgde med måten Wenche Eikum gjennomførde kurset.
Kurset gjekk over tre timar, og til saman hadde Eikum fire slike kortkurs i klart språk for tilsette i Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde.
Både for erfarne og uerfarne
- Vi hadde svært god nytte av medietreninga ved Nynorsk mediesenter. Ved hjelp av gode og realistiske døme vart treninga godt tilpassa både dei erfarne og uerfarne av oss, skriv kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i Sogn og Fjordane Energi AS.
Det var Magni Øvrebotten og Randi Indrebø som hadde kurs med SFE 15.april.
Stor nytte av kurset
- Deltakarane seier dei hadde stor nytte av kurset og lærte mykje. Eg er svært nøgd med opplegget. Det seier kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft ved Havforskingsinstituttet i Bergen. 18 tilsette vart intervjutrena gjennom to kurs frå NRK Nynorsk mediesenter i mars.
Toft seier vidare at deltakarane fekk ei grei innføring i rolla til media, og ein del innsikt i korleis ein tv-journalist tenkjer. At det vert klipt i materialet, og fokus på kva som ville verte brukt i eit faktisk intervju. - Fint også at dei fekk forståing av at det ikkje berre er svara som kommuniserer, men heile personen. Stort kamera og NRK-mikrofon hjelpte til å gjere intervjusituasjonen meir realistisk, seier Toft.
Kurshaldarar var Wenche Eikum og Randi Indrebø.
Praktisk og realistisk
-
- Mykje praktisk trening, realistiske saker og konstruktive tilbakemeldingar ga oss stort utbytte av medietreninga. Det seier medierådgjevar Jarle Hodne i BKK etter kurset i slutten av februar 2011. Det er tredje gongen Hodne tek med seg ei gruppe tilsette frå forretningsområde Energi i BKK til medietrening i Førde.
Han skriv vidare i tilbakemeldinga på kurset: - Det er nyttig å bli minna på kva som er viktig når du får eit kamera og ein mikrofon opp i andletet. Engasjement, korte setningar og spissa bodskap er noko av det vi tek med oss vidare.
Kurshaldarar var Wenche Eikum og Randi Indrebø.