Søk

Wenche Eikum varmar opp stemma (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Stemmebruk og kommunikasjon

Dette er eit kurs for dei som har stemma som sin viktigaste arbeidsreiskap og arbeider med kundar over telefon.

Har du ein dårleg dag? Korleis skal du i så fall unngå at det høyres på stemma di? Og kva gjer du når forkjølinga har slått inn og du er sår i halsen? Dette kurset gir gode råd for både stemmebruk og kommunikasjon med kundar.

 

Teori og øvingar

Vi har ei god blanding av teori og øvingar som gjer dagen utfordrande og variert. Kurset går over ein dag frå klokka ni til tre.

Det einaste kurshaldar Wenche Eikum ber folk ha med seg er ei tomflaske og godt humør, for øvingane sprengjer kanskje nokre grenser for deltakarane.

 

Text/HTML
Hover here, then click toolbar to edit content

Kursa våre:

Medietrening
- intervju for radio og fjernsyn. 

Skriving for Internett
- journalistisk skriving for Internett.

Beredskapskurs
- meistring av media i krisesituasjonar. 

God nynorsk
- kurs for dei som ynskjer å skrive betre nynorsk.

Stemmebruk og kommunikasjon
- kurs for dei som har stemma som viktig arbeidsreiskap

Kunsten å formidle
- om korleis du når fram med det du har å fare med.

"Media og sånn"
- folkeopplysing om media.

Andre kurs
- vi skreddarsyr kurs etter ynskje.