
Skriving for Internett
- eit kurs i journalistisk skriving for Internett.
Korleis vi skriv og syner att på Internett vert stadig viktigare, både for politikarar, næringsliv, lag og organisasjonar, privat- og offentleg verksemd.
Vi tilbyr kurs i journalistisk skriving for Internett, der vi legg mest vekt på korte overskrifter og ingressar og eit lettfatteleg språk. Vidare må det viktigaste i saka kome fyrst, og målet er å gjere nettsidene meir interessante og aktuelle.
Trening på nettsida dykkar
Vi tek utgangspunkt i nettsidene til dei vi held kurs for, og ser kva som er godt og gale med dei. Korleis kan dei bli betre? Språklege særtrekk og bruk av illustrasjonar og bilete, korleis skrive enkelt og fengande? Spissing av saker og betre overskrifter er emne vi tek føre oss.
Med dette utgangspunktet er det praktiske øvingar, der kursdeltakarane øver på saker som alt ligg ute, eller skal ut, på nettsida deira.
Aktuelle kurshaldarar :
Wenche Eikum og Magni Øvrebotten. For nærmare avtale om kurs og pris kontakt nynorskmediesenter@nrk.no