Søk

 

Wenche Eikum intervjuar i studio. (Foto/NRK).

Medietrening

- om korleis du meistrar å bli intervjua i radio og fjernsyn

 

Dette er eit svært praktisk retta kurs, med mest vekt på øving. Vi ynskjer å gjere deltakarane trygge nok til å takle intervju, snakke naturleg og svare på det dei vert spurde om. 

Deltakarane får fyrst innføring i korleis media arbeider og tenkjer, både for å auke forståinga for media si rolle og deltakarane si evne til meistre ulike media.

Deretter intervjuar vi kvar enkelt kursdeltakar om aktuelle emne frå hans/hennar fagfelt eller verv. Vi kan trene på både radio - og fjernsynsintervju, alt etter ynskje, både i og utanfor studio.

Vi kursar ikkje i korleis ein vrir seg unna media og vanskelege spørsmål, men i å stille opp når høvet byr seg og situasjonen krev det.  

Fjernsynsintervjuet som mal

Sidan folk som regel kvir seg mest for fjernsynsintervjuet brukar vi det som mal. Då både høyrer og ser vi korleis det går, og det vert lettare for deltakarane å lære av gjennomgangen etterpå. Kvar enkelt får tilbakemelding på korleis ho/han takla situasjonen og får råd for seinare.

Intervjua blir tekne både i TV-studio, i kurslokalet eller ute, alt etter kor krevjande dei som tingar kurset vil ha det. I regelen skjer intervjua i plenum for at deltakarane skal lære av kvarandre.

Åtte til ti deltakarar

For at vi skal rekke to intervju med kvar deltakar kan det ikkje vere meir enn åtte, maksimalt ti, deltakarar på eit heildagskurs. Til færre deltakarar, til meir trening og tilbakemelding.

Aktuelle kurshaldarar:

Magni Øvrebotten,Wenche Eikum, Randi Indrebø og Ragnvald Søgnesand. Alle har lang røynsle som journalistar eller fotografar. Aktive journalistar skal ikkje drive medietrening på grunn av fare for ugildskap.

For meir informasjon om kurs og pris kontakt nynorskmediesenter@nrk.no

Kursa våre:

Medietrening
- intervju for radio og fjernsyn. 

Skriving for Internett
- journalistisk skriving for Internett.

Beredskapskurs
- meistring av media i krisesituasjonar. 

God nynorsk
- kurs for dei som ynskjer å skrive betre nynorsk.

Stemmebruk og kommunikasjon
- kurs for dei som har stemma som viktig arbeidsreiskap

Kunsten å formidle
- om korleis du når fram med det du har å fare med.

"Media og sånn"
- folkeopplysing om media.

Andre kurs
- vi skreddarsyr kurs etter ynskje.