Søk

Magni Øvrebotten (Foto: Weinche Eikum/NRK) 

"Media og sånn"

- folkeopplysing om media


- Vi skulle hatt nokon til å snakke om "media og sånn". Kan de hjelpe oss? Det er eit spørsmål vi stundom får. Folk er ofte ute i siste liten med dette emnet, uvisst av kva grunn.

Det er som regel lag- og organisasjonar som spør, eller verksemder som vil ha dette som eitt av fleire emne på eit seminar. 

Frykta for media

Ja, vi kan hjelpe. Vi kan snakke om media si rolle, korleis media tenkjer og arbeider og korleis du bør møte media? Kanskje kan vi og ta vekk noko av frykta for media? 
 

Tid til spørsmål og debatt

Desse føredraga er ikkje medietrening, men folkeopplysing om media.
 
For å få skikkeleg utbyte er det viktig at det vert sett av nok tid til spørsmål og debatt, under eller etter innleiinga. Då er det er viktig at folk kjem med synspunkt, eigne opplevingar og førestillingar, og at det er ein røynd journalist eller redaktør som svarar.

Aktuelle føredragshaldarar:

Wenche Eikum og Magni Øvrebotten (bilete).  
 

Kursa våre:

Medietrening
- intervju for radio og fjernsyn. 

Skriving for Internett
- journalistisk skriving for Internett.

Beredskapskurs
- meistring av media i krisesituasjonar. 

God nynorsk
- kurs for dei som ynskjer å skrive betre nynorsk.

Stemmebruk og kommunikasjon
- kurs for dei som har stemma som viktig arbeidsreiskap

Kunsten å formidle
- om korleis du når fram med det du har å fare med.

"Media og sånn"
- folkeopplysing om media.

Andre kurs
- vi skreddarsyr kurs etter ynskje.