Her finn du ei oversikt over dei kursa vi skal halde i tida framover.
Bygdeutviklingsprogrammet
Den 29. september held Wenche Eikum foredrag for dei to nye bygdene i bygdeutviklingsprogrammet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Tema for foredraget er "Kunsten å bli sett". Dei to bygdene er Instedalen Krins og Nye Bremanger. Og samlinga skal vere på Instedalen skule i Naustdal.
Foredrag om media
Sogn og Fjordane Bondelag har mange leiarar, og ikkje aller er vane med å vere i media. Andre er svært aktive både i avis, radio og på sosiale medium. Den 3. oktober er dei samla i Førde, og Wenche Eikum held foredrag.
Beredskapsøving
26. oktober deltek Førde kommune i ei større beredskapsøving. NRK Nynorsk mediesenter skal vere med i spelstaben, og agere media. Dei tilsette i kommunen og krisestaben får øve seg i å snakke med media når kriser skjer.