Søk

Kurshaldarar

Dette er kurshaldarane våre. Alle har mykje røynsle frå media, men er ikkje lenger aktive journalistar.  

 

Wenche Eikum 

(1971) Kursansvarleg i NRK Nynorsk mediesenter. Ho held, sel og utarbeider nye kurs.

Wenche Eikum var journalist i NRK Sogn og Fjordane frå 1994-2003. Medielærar ved Firda vidaregåande skule, Sandane, 2004-2005. Kurshaldar hjå oss frå 2005.

Utdanning i norsk, historie, pedagogikk og media frå Høgskulen i Volda. 




Inge Kjell Holme


(1953) Medielærar ved Sogndal vidaregåande skule og frilansar for NRK Sogn og Fjordane. Der var han journalist frå 1979-2001, dei fleste åra ved lokalkontoret i Sogn.

Holme er utdanna lærar og byrja i NRK som nynorskstipendiat i 1978. Vi har brukt han som kurshaldar sidan starten, særleg på beredskapskurs. 

  
 

 

Randi Indrebø (Foto; Arne Stubhaug/NRK)Randi Indrebø

(1966) Faglærar i NRK Nynorsk mediesenter sidan 2005. Fotograf i NRK Sogn og Fjordane från 1998, men har og røynsle som redigerar i TV2 og medarbeidar i videoselskap i fleire år.

Byrja som ungdomsmedarbeidar i NRK Sogn og Fjordane i 1990. Cand. mag. med mellomfag i sosiologi, og grunnfag i adm. og organisasjon og sosialantropologi frå Universitetet i Bergen.

 

 

Arve Sandal

(1948) Banksjef for kommunikasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane frå 2001.

Redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane 1991-2001, og journalist same stad frå 1982-86. Har drive eige videoselskap og vore journalist i Sunnmørsposten.


Sandal hadde ideen til NRK Nynorsk mediesenter og var med i prosjektgruppa til senteret.   

  

Ragnvald Søgnesand (Foto/NRK)Ragnvald Søgnesand

(1972) – geitebonde på Søgnesand i Jølster. Tidlegare fotograf i NRK Sogn og Fjordane og medielærar ved Sogndal vidaregåande skule. Utdanna programingeniør ved Høgskulen på Lillehammer og maskinteknikar ved Førde tekniske fagskule.

 

 

 

Magni Øvrebotten (Foto; Arne Stubhaug/NRK)

Magni Øvrebotten

(1954 ) Leiar for NRK Nynorsk mediesenter frå 2004. Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane 1990-2004, redaksjonssjef 1985-1990 og journalist 1980-85.

Byrja som journalist i Gula Tidend i 1971 og har arbeidd som journalist i fleire aviser både lokalt, regionalt og på riksnivå. Øvrebotten har medieutdanning frå Norsk journalisthøgskule 1976-78.  

 


 
 

 

Kursa våre:

Medietrening
- intervju for radio og fjernsyn. 

Skriving for Internett
- journalistisk skriving for Internett.

Beredskapskurs
- meistring av media i krisesituasjonar. 

God nynorsk
- kurs for dei som ynskjer å skrive betre nynorsk.

Stemmebruk og kommunikasjon
- kurs for dei som har stemma som viktig arbeidsreiskap

Kunsten å formidle
- om korleis du når fram med det du har å fare med.

"Media og sånn"
- folkeopplysing om media.

Andre kurs
- vi skreddarsyr kurs etter ynskje.