
God nynorsk
- kurset for dei som ynskjer å skrive betre nynorsk.
God nynorsk er meir enn god rettskriving. Det handlar like mykje om kva ord du vel, korleis du set dei saman, og presenterer teksten.
På dette kurset får du praktisk rettleiing og øving i skriving av ulike typar tekstar på nynorsk. Du får også innføring i dei viktigaste skilnadane mellom nynorsk og bokmål. Men dei som ventar å få nynorskundervisinga i grunnskulen omatt på ein dag kan vi ikkje gjere til lags.
Frå brev til reklame
Kurset eignar seg for både private og offentlege verksemder. Det kan handle om alt frå skriving av brev og saksdokument, Internett og anna kontakt med omverda, reklame og brosjyrer, osv.
Aktuelle kurshaldarar :
Wenche Schanke Eikum(biletet).