Søk

 

Beredskapskurs

- eit kurs for meistring av media i krisesituasjonar

Når kriser skjer, står media på døra. Alle er ikkje like godt budde i slike situasjonar.

NRK Nynorsk mediesenter har i fleire år samarbeidd med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om beredskapsøvingar for kommunane. Der har kommuneleiinga fått trene på mediehandtering i tenkte, men svært realistiske, krisesituasjonar.

Vi har også hatt pandemiøving, i Helsedirektoratet sin regi, med kommunane i Sogn og Fjordane, og øving i kriseberedskap med Mattilsynet.

Realistiske døme 

Kursa tek utgangspunkt i tenkte krisetilfelle. Bedrifter og offentlege instansar får høve til å gå gjennom kriseplanane sine steg for steg, etterkvart som krisa utviklar seg. Samstundes får dei trening i å bli intervjua av media.

Beredskapskursa blir laga og tilpassa i samarbeid med dei som tingar kursa.

 

Aktuelle kurshaldarar:

Wenche Eikum, Inge Kjell Holme og Tone Lin Støfring.

Kursa våre:

Medietrening
- intervju for radio og fjernsyn. 

Skriving for Internett
- journalistisk skriving for Internett.

Beredskapskurs
- meistring av media i krisesituasjonar. 

God nynorsk
- kurs for dei som ynskjer å skrive betre nynorsk.

Stemmebruk og kommunikasjon
- kurs for dei som har stemma som viktig arbeidsreiskap

Kunsten å formidle
- om korleis du når fram med det du har å fare med.

"Media og sånn"
- folkeopplysing om media.

Andre kurs
- vi skreddarsyr kurs etter ynskje.