Søk

Framme: Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal. Bak: Valgerd Svarstad Haugland og Magni Øvrebotten.

Bakgrunn

NRK Nynorsk mediesenter vart opna 2.september 2004 av dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. 

Her finn du meir om visjonar og mål og røvarhistoria om korleis NRK Nynorsk mediesenter vart til.

Nynorsk mediesenter - frå ide til røyndom

Bakgrunnen vår er soga om mange års oppal av  nynorskbrukande journalistar i Førde, strid om sjølvstende for NRK Sogn og Fjordane og ein ide som synte seg å vere på rett plass til rett tid i 2002.
Les meir 

Prosjektgruppa: Frå venstre : Arve Sandal, Ottar Grepstad, Magni Øvrebotten, Jon Peder Vestad, Gry Molvær og Jan Olav Fretland. Foto; Torgeir Dimmen/Aasentunet

Rapporten om Nynorsk mediesenter

Dette er prosjektgruppa som utgreidde Nynorsk mediesenter for NRK-leiinga i 2003.  Frå venstre: Arve Sandal, Ottar Grepstad, Magni Øvrebotten (leiar), Jon Peder Vestad, Gry Molvær og Jan Olav Fretland. Bilete er teke i Aasentunet 13. juni 2003 og rapporten vart levert i november.

Les rapporten frå prosjektgruppa her 
 

Stolt nynorsk 

er visjonen til NRK
Nynorsk mediesenter.
Vi skal medverke til at nynorskfolk vert stolte
og glade i språket sitt.

Dyktig - frodig - framfus 
er verdiane vi byggjer på.
Dei skal prege både tilsette
og nynorskpraktikantar.

Vi skal ha kvalitet i alle ledd.

Les meir

 

 

Fyrste bumerket vårt

 

Brukt frå 2004 til 1.september 2009. Då la vi til NRK i namnet vårt og kutta ut løvetanna. 

NRK-merket er ein logo og skal ikkje ha konkurranse av andre.