Søk

Nynorsk mediesenter - frå ide til røyndom 

Nynorsk mediesenter var vedteke før det var utgreidd. Det var ein ide som synte seg å vere på rett plass til rett tid. Han bygde på mange års oppal av nynorskbrukande journalistar, og vart boren fram av folk som veit at ingenting gjer seg sjølv. 
 
NRK Sogn og Fjordane eksporterte vel 50 nynorskbrukande journalistar frå 1990-2000, som drog vidare til andre riks- og lokalredaksjonar i NRK, TV2 og fleire aviser. Distriktskontoret satsa medvite på nyhende og folk med lokale dialektar/nynorsk, og meinte at det var grunnlaget for vel 50 % oppslutning om denne lokalsendinga. Det vart eit kvalitetsstempel å ha vore ved kontoret i Førde, og det var rift om gode nyhendejournalistar som brukte nynorsk.

For kvar ein som reiste starta rekrutteringa og opplæringa av nye talent, ofte frå grunnen av. Det var eit slit, for den faste kjerna av tilsette måtte i tillegg til å vere journalistar i radio, fjernsyn og Internett, også vere lærarar for nye kollegaer. Enkelte i NRK kalla det "Førdeskulen", og som ei lita takk for dette arbeidet fekk kontoret i 1996 pengar til opplæring av ein nynorskpraktikant i året.

Alt i 1992 lanserte NRK Sogn og Fjordane at den då nedlagde ordninga med nynorskpraktikantar i Oslo skulle takast oppatt og leggast til Førde. Kringkastingssjef Einar Førde likte ideen, men sidan kontoret alt var peika ut til prøvekontor for distriktsfjernsyn, saman med NRK Hordaland, våga han ikkje legge meir til Førde. Det kunne fort bli mistanke om forfordeling, så ideen frå Førde vart lagt til NRK Møre og Romsdal i Ålesund.

Sukra pille

Då Arve Sandal i 2001 slutta som redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, etter ni år i jobben, lanserte han eit Nynorsk kompetansesenter lagt til distriktskontoret i Førde. Føremålet skulle vere rekruttering og opplæring av nynorskbrukande journalistar. Kontoret hadde alt lenge synt at det hadde den kompetansen som skulle til, meinte han. Forslaget vekte ingen åtgaum i NRK, det vart masa om for døve øyre, av underteikna.

Sommaren 2002 kom forslaget om å legge distriktskontoret i Førde under NRK Hordaland, med sams redaktør og adm i Bergen. Det vekte eit sterkt folkeleg opprør i Sogn og Fjordane, som vart lagt merke til politisk. Det vart også ideen om Nynorsk kompetansesenter, som vart brukt som eitt av argumenta for å beholde eit sjølvstendig distriktskontor i Sogn og Fjordane.

26. august 2002 sukra styret i NRK pillen om samanslåing av dei to distriktskontora med at det skulle opprettast eit Nynorsk kompetansesenter i Førde, "som ivaretar de særlige oppgavene som Førde har i forhold til nynorsk språk og kultur". Forslaget kom i styremøte.

Styrevedtaket om samanslåing av sju sjølvstendige distriktskontor til tre vart, same dagen, mellombels stoppa av kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Ho var skeptisk til samanslåinga av Finnmark med Troms, og Sogn og Fjordane med Hordaland. Dette var distriktssendingar med svært stor oppslutning og dei dekte område med mindre medietilbod enn elles. Ho ville ha på bordet fylgjene av samanslåingane i Trøndelag og Hedmark/Oppland før meir kunne skje. Det var stor oppstandelse over at medieministeren ville styre utviklinga.

Både i pose og sekk

NRK Sogn og Fjordane argumenterte med at skulle det vere base for eit Nynorsk kompetansesenter, med opplæring av inntil ti journalistar i året, så måtte det vere eit sjølvstendig distriktskontor, med eigen redaktør og administrasjon. Det vart og påpeika at Bergen og nynorsk ikkje nett var synonyme ord.

På styremøte 9. januar 2003 stod styret i NRK fast på alle samanslåingane frå året før, bortsett frå at "sammenslåing av distriktskontorene i Sogn og Fjordane og Hordaland gjennomføres ikke. Styret finner at en sammenslåing av disse redaksjonene vil kunne virke som et hinder for opprettelsen og utviklingen av et nynorsk kompetansesenter i Førde".

NRK Sogn og Fjordane overlevde som sjølvstendig distriktskontor på grunn av ideen om Nynorsk kompetansesenter, og fekk såleis både i pose og sekk. Det hadde nytta å kjempe, og det var vondt å svelge for dei som meinte at det var illojalt og at større einingar var det beste.

Utpå våren 2003 oppnemnde NRK ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe til å utgreie Nynorsk kompetansesenter ; føremål, oppgåver, namn, organisering, økonomi. Styringsgruppa hadde distrikts- og utviklingsdir. Erik Berg-Hansen som leiar, Ragnhild Sælthun Fjørtoft var med som leiar for Språkutvalet i NRK, og Unni Hansen, som leiar for NRK Kompetanse.

Prosjektgruppa hadde denne samansettinga, frå venstre : Arve Sandal, opphavsmann til ideen og banksjef, Ottar Grepstad, direktør Nynorsk kultursentrum, Magni Øvrebotten, leiar og dåverande dkred i NRK Sogn og Fjordane, Jon Peder Vestad, nynorskkonsulent i NRK, Gry Molvær, journalist og tidlegare nynorskpraktikant og Jan Olav Fretland, dåverande leiar i Norsk språkråd.

Les rapporten frå prosjektgruppa her

 

Rapporten låg føre til jul, og synte mellom anna at. talet på nynorskbrukande journalistar i NRK hadde gått attende frå 19 % til 13 % frå 1988 til 2003. Nynorsk var i fyrste rekkje eit distrikts- og nyhendespråk, medan berre 5 % av dei som arbeider med barne- og ungdomsprogram i NRK brukar nynorsk. For kvar nynorskbrukande medarbeidar tilset NRK 10 nye bokmålsbrukarar, og for kvar nynorskbrukande leiar i NRK er det over 30 som har bokmål som hovudspråk.

Stolt nynorsk

er visjonen for Nynorsk mediesenter, som vart det endelege namnet. "Nynorsk mediesenter skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i dialekten og språket sitt. Då vil dei ta vare på det, kjempe for det og bli ei kraft for den språklege identiteten som nynorsken er".

Gode nynorskbrukande journalistar i etermedia er gode ambassadørar for nynorsken og gjer oss stolte av språket vårt og røtene våre. Nynorsk mediesenter skal ale oppe fleire slike ambassadørar, og det skal drive kursverksemd som skal gjere nynorskbrukarar trygge nok til å bruke språket sitt, og såleis auke det språklege mangfaldet i medie- og samfunnsdebatten .

Dyktig - frodig - framfus

Dette er verdiane Nynorsk mediesenter skal byggje på. Dei skal seie noko om kva senteret vil vere, og kva som skal prege både dei som arbeider ved senteret og dei som vert lærde opp der. Det skal vere kvalitet i alle ledd, slik at dyktig vert omdømet til senteret.

Nynorsk er meir enn eit språk; det er ein identitet, ein kultur og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturrell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar, og for å ta sjølvstendige val. Nynorsk språk og kultur har ein frodig tradisjon som Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på og gje nynorsken innpass på nye område.

Nynorskbrukarar må vere dyktige for at språket ikkje skal bli brukt mot han. Då nyttar det ikkje å stå med hua i handa, ein må vere litt framfus, i den positive tydinga av ordet. Våge å merke seg ut, stå for noko og vere noko.

Målet for Nynorsk mediesenter er eit godt omdøme, det må til for å lukkast. Det kan senteret berre få ved at praktikantane og kurselevane held eit høgt nivå. For å oppnå det må det vere kvalitet i alle ledd, ikkje minst hjå dei tilsette og når det gjeld innhaldet i senteret.

I Kulturmeldinga

Nynorsk mediesenter var og med i Kulturmeldinga som regjeringa Bondevik la fram i 2003. Der stod det mellom anna at: "God eksponering av nynorsk målbruk i riksdekkjande etermedia er særleg viktig for å profilera nynorsk språk og kultur i det offentlege rommet" . Det vil vere fornuftig at desse tre institusjonane utvillar eit tett samarbeid som kan fremja ei viss fordeling av oppgåver  og samordning av større tiltak som skal koma språkbrukarane til gode, og som kan styrkja norsk språk generelt  og nynorsk spesielt".

Tilsette

Magni Øvrebotten vart tilsett som leiar av Nynorsk mediesenter frå 18.mai 2004, etter 14 år som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. Synnøve Hole og Arild Nybø vart dei fyrste lærarane, begge aktive journalistar med bakgrunn frå NRK Møre og Romsdal og NRK Sogn og Fjordane.

Nynorsk mediesenter vart organisert direkte under personaldirektøren i NRK, med eit årleg budsjett på vel 3,5 mill. Det er eit mål at senteret i framtida skal bli ei stifting, eigd og drive av fleire enn NRK.

Det var 53 søkjarar til dei fem fyrste plassane som nynorskpraktikantar i Nynorsk mediesenter frå 1.september 2004. Dei som kom inn var Eli Bjelland, frå Stord, Knut Åge Teigen, frå Årdal/Jar, Svein Ove Hansli, frå Vinje, Maria Rivedal, frå Oslo/Bergen, og Inger Johanne Sæterbakk, frå Orkanger.

Kulturministeren var sjølvskriven

Det var ein openberr kandidat til å opne Nynorsk mediesenter; kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Ho tende på ideen fyrste gong ho høyrde om han, og utan hennar engasjement i samanslåingsdebatten i 2002, hadde grunnlaget for senteret vore vekke.

- Nynorsk mediesenter her i Førde kan vise seg å bli eit svært viktig tiltak for å utvikle og utbreie godt nynorsk mediespråk, sa ho i talen ved opninga 2.september 2004.

Der deltok elles Odd Nordstoga, med den store slageren i 2004 , "Kveldssong for deg og meg", meir kjend som "Grisen står og hyler", Oddvar Torsheim med "Nynorskens skog" og gruppa Gamalt nymalt, der folkemusikarane Sigrid Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes, endevender tradisjonsmusikken. Forfattaren Olaug Nilssen las diktet "Målet vårt" og Linda Eide kåserte om å vere nynorskjournalist.

Kringkastar i NRK, Kari Werner Øfsti, sa at senteret skal bygge vidare på det arbeidet NRK Sogn og Fjordane har gjort med å lære opp mange nynorskbrukande journalistar, som både NRK og andre medieverksemder nyt godt av i dag. Språkdirektør Sylfest Lomheim påpeika at media får stadig meir å seie for språket i landet, og at Nynorsk mediesenter er viktig for å syte for eit godt nynorsk mediespråk. Leiaren for Kringkastingsringen, Unn Arrestad, tykte senteret var eit kjærkome lyspunkt i ei tid då nynorsken er pressa frå alle kantar. Programleiar på opninga var Gry Molvær.

Hestekur i journalistikk

På seks månader skal nynorskpraktikantane lære så mykje at dei kan byrje som journalistar. Det er ein hestekur, som krev stor eigeninnsats for å henge med. Etter vel ein månad med innføring i journalistikk, data og teknikk i teorien er nynorskpraktikantane klare for praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Dette er opplæring etter "lære ved å gjere det"  metoden, der det er kort veg mellom teori og praksis i radio, fjernsyn og Internett.

Dei skal og lære at det gjeld å snu seg fort, fylgje godt med og kunne jobbe mykje for å vere journalist. Det praktikantane lagar skal vere godt nok til å bli sendt. Det er hjå lærarane og dei tilsett i NRK Sogn og Fjordane praktikantane lærer det meste, men med i opplegget er det og gjesteførelesarar som tek for seg nynorsk og journalistikk frå ulike synsvinklar.

Høge mål

Målet er at det frå Nynorsk medisenter i Førde skal kome mange dyktige, engasjerte og sjølvstendige journalistar, som snakkar og skriv slik at folk forstår dei. Dei skal bli så gode at det blir rift om dei i redaksjonane.

Som nynorskbrukar må du vere dyktig for at språket ikkje skal bli brukt mot deg, men er du dyktig kan det bli ein fordel, både for deg sjølv og andre. Det er høge mål, men det nyttar ikkje å legge lista slik at alle kan stige over.

Etter kvart håpar vi at Nynorsk mediesenter kan bli en naturleg stad for leiarar å spørje om gode nynorskbrukande journalistar, og at vi skal kunne tipse ulike redaksjonar om dyktige folk.. Vi kjem til å halde kontakta med dei vi sender frå oss, og vil etterkvart kunne bli eit ressurssenter for nynorsk i media.

Vi prøver å rekruttere breitt, både geografisk og i høve til utdanning og røynsle, fordi vi meiner det er viktig med ulike bakgrunnar og ståstader i journalistikken. Vi trur her skal bli dugande folk å finne for både barne- og ungdomsprogram, underhaldning og nyhende- og samfunnsprogram, osv.

Vona er å medverke til auka fokus på nynorsk eterspråk og rekruttering av gode nynorskbrukarar, og vi vil bruke dei som alt finst til å inspirere nye talent.

"Munn og mæle"

Nynorsk mediesenter skal og drive kommersiell kursverksemd om media og nynorsk, under omgrepet "Munn og mæle". Kurstilbodet vert bygt ut etter kvart. Føremålet er å gjere folk tryggare i møte med media, og vi har særleg dialekt- og nynorskbrukarar som målgruppe. Med kurs i eit direkte og klart språk og medietrening håpar vi å medverke til eit auka språkleg mangfald i medie- og samfunnsdebatten. Det fyrste kurset vi hadde var for Internettfolka hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane, om skriving for Internett.

Førde 2.januar 2005.
Magni Øvrebotten
leiar for Nynorsk mediesenter 

Stolt nynorsk 

er visjonen til NRK
Nynorsk mediesenter.
Vi skal medverke til at nynorskfolk vert stolte
og glade i språket sitt.

Dyktig - frodig - framfus 
er verdiane vi byggjer på.
Dei skal prege både tilsette
og nynorskpraktikantar.

Vi skal ha kvalitet i alle ledd.

Les meir