Søk

Nynorsk på kurstoppen

06.09.2010

Kurset God nynorsk er det mest populære kurset vårt denne hausten. Både private verksemder og offentleg forvalting ser seg nytte av å friske opp nynorsken.

Nynorsk på kurstoppen
Tilsette hjå Tussa på nynorskkurs (Foto: Wenche Eikum/NRK)

Siste dagen i august var det ein gjeng frå energiselskapet Tussa på Sunnmøre som sette ekstra søkjelys på språk. Og framover ventar grupper både frå offentleg forvaltning, universitet og kommunar.

Å marknadsføre seg på nynorsk har blitt viktigare og viktigare for mange verksemder på Vestlandet, og derfor ynskjer dei å bli kursa. Det seier kursansvarleg Wenche Eikum. I tillegg må mange i det offentlege skrive nynorsk, sjølv om dei har bokmål som hovudmål. Dei fleste som tingar nynorskkurs seier dei treng ei oppfrisking av grammatikken. Og det får dei. I tillegg har vi lagt vekt på formidling av bodskap. Det nyttar lite å skrive korrekt dersom ingen skjønar kva det handlar om. 

Les tilbakemeldingar her frå dei som har gått nynorskkurs hjå oss..



Fleire saker...



Fleire nyheiter