Søk

Viktig med ny nynorsknorm

26.08.2010

Det vil styrkje nynorsken med ei enklare norm. Det var omtrent det einaste dei tilsette ved NRK Nynorsk mediesenter var einige om då to representantar frå nemda for ny nynorsknormal besøkte oss.

Viktig med ny nynorsknorm
Frå venstre; Wenche Schanke-Eikum, Tone Lin Støfring, Grete Riise og Aud Søyland (Foto; Randi Indrebø/NRK)

Det var stort engasjement og mange diskusjonar då Wenche Schanke-Eikum, Randi Indrebø og Tone Lin Støfring møtte nemda for ny nynorsknormal.

Kva skal ein skrive - byggje eller byggje, følgje  eller fylgje, søster eller syster? Svara frå dei tre tilsette ved NRK Nynorsk mediesenter var langt frå eintydige. Så snart den eine argumenterte for eit syn, kom dei andre med andre synspunkt som gjorde at ein møtte seg sjølv i døra.

Og skal vi ha samsvarsbøying? spurde Grete Riise som er leiar for nemda. Og skal det vere ulike bøying av sterke og svake verb? Nei, det var ikkje lett å finne eintydige svar som gjorde dei tre tilsette nøgde. Men det var ikkje målet med diskusjonen.

NRK Nynorsk medisenter skal ikkje levere noko formell høyringsuttale, men møtet var ein samtale kring utfordringane med ei ny norm.

Nemda skal vere klar med sitt framlegg fyrste (første) februar. Det kjem heilt sikkert til å bli sterke diskusjonar!



Fleire saker...



Fleire nyheiter