Ny programleiar for Barne-TV
23.08.2010
SPRØTT! Det er første kommentaren til den nye programleiaren for Barne-TV, Ingunn Thon etter å vore i studio for fyrste gong denne veka.
Ingunn Thon (Foto: Finn Krogvig/NRK)
Det er heilt sprøtt at eg får sjansen til å bli programleiar. Berre i mine villaste draumar, har eg kunna håpa på noko som dette. Så, ikkje overraskande, er eg veldig glad for å prøve meg i nytt terreng.
Men eg skal ikkje legge skjul på at nervane var i høggir då eg hadde fyrste dag i studio denne veka. Det kjem nok til å ta litt tid før eg greier å slappe av og kose meg i programleiarrolla.
Eg er litt redd for at det å skrive manus blir ei større utfordring enn eg har sett for meg. Eg har ikkje noko særleg erfaring i det frå før. Men det eg er aller mest nervøs for, er at eg blir ei slik skremmande blid dame, så borna spring å gøymer seg når klokka slår 18.00. Draumen er å bli hugsa av ihuga Barne-TV-tilhengjarar om 20 år, på same måte som eg framleis hugsar ”Marianne på loftet” og Eli og Jarl frå Portveien 2.
Barne-TV er ein fantasisk arbeidsplass, og eg er sjeleglad for å få bli. Det einaste eg har sakna dette året som redaksjonsassistent, er å jobbe kreativt, så no får eg det beste frå to verder. Det kan ikkje bli betre! seier Ingunn Thon.
Ingunn Thon (1986) gjekk på kull 10 med nynorskpraktikantar og fekk fast jobb i NRK Super eit halvår etterpå. Ho er frå Ål i Hallingdal.
Fleire saker...