Styreleiar i Språkrådet
19.08.2010
Frå fredag 13. august og ut året er Magni Øvrebotten leiar for styret i Språkrådet, etter at Ida Berntsen trekte seg frå dette vervet.
Det er andre gongen på tre år at nestleiar Øvrebotten får denne leiarjobben i fanget på null varsel. Fyrste gongen var då Tora Aasland vart statsråd, og Magni Øvrebotten var fungerande leiar i eit halvt år etterpå.
Ida Berntsen er forlagssjef i Cappelen/Damm og grunngjev den øyeblikkelege avgangen med ei omorganisering i forslaget, som gjer at arbeidsbyrda totalt sett vert for stor.
Styret i Språkrådet ser no slik ut:
Magni Øvrebotten (nynorsk), leiar. Tor Fuglevik (bokmål), Jan Olav Fretland (nynorsk), Silje Solheim Karlsen(bokmål), Ottar Grepstad (nynorsk) og Jan Hoel (bokmål), representant for dei tilsette.
Fleire saker...