Søk

Opplæring i Facebook og Twitter

17.08.2010

Praktikantane skal syne att på Facebook og Twitter. Det er målet når utviklingsdirektøren i NRK møter praktikantane i september. Kai Aage Pedersen er ein av mange eksterne førelesarar som gjestar NRK Nynorsk mediesenter i haust.

Opplæring i Facebook og Twitter
Kai Aage Pedersen (Foto: Cosmin Cosma/NRK)

Det er det 13.praktikantkullet som startar opp måndag. Dei får eit hardt og tettpakka program av førelesningar i haust - som vanleg.

Twitter og Facebook

Arve Sandal, Banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane og tidlegare redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, fortel med stor iver og glød om Sogn og Fjordane for praktikantane som alle kjem frå andre fylker.

Kai Aage Pedersen, utviklingssjef i NRK, går gjennom Twitter og Facebook.

Mangeårig programleiar i Her og Nå, Kari Sørbø, skal dele kunnskap og erfaringar når det gjeld intervjuteknikk for å få kjeldene til å fortelje det vi vil.

Andreas Grimsæth, nettjournalist i YR.no og UT.no, skal over to dagar ha kurs om korleis ein skal skrive gode artiklar for internett. Han har med seg mange eksempel på kva som fungerer og det motsette.

Språk

På språksida får praktikantane høyre Jon Peder Vestad som er nynorskkonsulent i NRK snakke om "Ditt språk i NRK". Jan Olav Fretland, 1.amanuensis ved Høgskulen i Sogndal, talar brennande om tema "Snakk dialekt, skriv nynorsk".

Eva Westvik, mangeårig journalist i NRK og fast kurshaldar for NRK Kompetanse, er kjend for å ha ein poengtert og bildeskapande kommentar. Over tre dagar skal ho hjelpe praktikantane med sin kommentar.

Brit Jorunn Svanes, teknisk ansvarleg for nett og radio i NRK Sogn og Fjordane, syner praktikantane alt dei treng på ENPS som er tekstbehandlingsprogrammet i NRK. Ho skal også lære praktikantane opp på Digas, opptaks- og redigeringsprogram. Og publiseringsverktøyet til NRK Nynorsk mediesenter.

Logoped Jordi Løvbakk finslipar stemma og fortel korleis praktikantane skal puste for å ha "gode" stemmer.

Redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Roy Raasholm Fauske, viser praktikantane at postjournalar kan vere viktige kjelder til stoff.



Fleire saker...



Fleire nyheiter