Ny frist for nynorskprisen
11.08.2010
1. mars er ny frist for å kome med framlegg til Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. - Vi ynskjer fleire framlegg, seier Gry Molvær, som leiar juryen.
Gry Molvær. (Foto: Cathrine Dilner Hagen)
Sidan 2006 har 1. mai vore fristen for å kome med grunngjevne framlegg til prisvinnar, men dette vert endra frå 2011. - Vi trur folk legg meir merke til lysingar i februar enn i mai, og at dei lettare tek seg tid til å sende ei skikkeleg grunngjeving for kven som bør få prisen. I april/mai er det så mykje anna å henge fingrane i, seier Gry Molvær.
Lokalavisjournalistar?
Juryen treng og betre tid til å finne ut av framlegga, då ein sjølvsagt ikkje kjenner alle dei føreslegne. - Ein må ikkje vere kjendis for å få denne nynorskprisen, men dei dominerer bunken med framlegg. Vi stussar over at det er så få framlegg om lokalavisjournalistar, då lokalavisene er ein viktig grunnmur for nynorsk i media. Kanskje kjem det seg i 2011? spør Molvær.
Juryen
I juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar sit: NRK-journalist Gry Molvær, leiar, sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Grunnen til det er at prisen vart oppretta av Kulturdepartementet i samband med opninga av NRK Nynorsk mediesenter i 2004.
Du finn meir om prisen og prisvinnarane her
Fleire saker...