Vi er klare for kull 13
09.08.2010
Måndag 23. august kjem frå venstre: Vegard Troøyen Foseide, Karl Kristian Langeland, Hilde Zahl, Hans Henrik Løken og Hans Kristen Hyrve.
Frå venstre: Vegard T. Foseide, Karl Kristian Langeland, Hilde Zahl, Hans Henrik Løken og Hans Kristen Hyrve
Det var 50 søkjarar til kull 13 og ni var inne til konferanse. - Denne gongen kunne vi utan tvil ha tilsett to kull i same slengen, men det går ikkje. Neste høve er 15. oktober, seier Magni Øvrebotten. Ho er svært nøgd med kvaliteten på søkjarlista og håpar mange av dei vil søkje på nytt.
Her litt om bakgrunnen til dei fem som kom inn på kull 13:
Vegard Troøyen Foseide, 1984, frå Fræna i Møre og Romsdal. Lærarstudent ved Universitetet i Oslo, med faga nordisk og spansk. Har òg studert spansk språk og latinamerikansk kultur i Ålesund og på Cuba. Nestleiar i styret for Changemaker (Kirkenes Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon), som særleg er opptekne av Nord/Sør-spørsmål. Han flytta til Orkdal etter at han var ferdig på ungdomsskulen og møtte mykje motstand på grunn av dialekta og nynorsken. Vart aktiv Målungdom.
- Nynorsken har forma dei vegane eg har gått og gjort meg oppteken av språk og rettferd også i eit større perspektiv, seier Vegard T. Foseide.

Karl Kristian Langeland, 1984, frå Hellesylt i Møre og Romsdal. Avsluttar ein BA i medievitskap ved Universitetet i Oslo denne våren. I studiet har han og eitt år med kinesisk språk og kultur, og han har studert fransk språk og kultur ved Université Lumiè Lyon 2.
Langeland er redaksjonsleiar for portrettprogrammet RY i Radio Nova, studentradioen i Oslo og politisk aktiv i Oslo Senterungdom. - Eg har alltid vore ein forteljar og har hatt lyst til å bli journalist frå eg var liten. Og nynorsk er språket mitt, seier Karl Kristian Langeland.
Hilde Zahl, 1982, frå Bryne i Rogaland. Vikarlærar og pedagogisk hjelp ved Rosseland skule på Bryne. Har studert psykologi og Europastudiar, med spesialisering i italiensk, ved Universitetet i Bergen. Har hatt fleire lengre opphald i Italia. Var aktiv i Studentradioen då ho studerte i Bergen, og har arbeidd med alt frå kjøp og sal av tog til sal av klassiske herrekle i Roma. Svært musikkintressert. - For meg er det viktig å bruke ein ungdommeleg nynorsk, og gjere mitt for at unge folk ikkje skal tru at dei må bruke bokmål for å vere kule, seier Hilde Zahl.
Hans Henrik Løken, 1988, frå Odda i Hordaland. Siste åra har han vore journalist i Hardanger Folkeblad og Radio Folgefonn. Han har dekka smått og stort i dekningsområdet til lokalavisa og nærradioen, men sporten ligg hjartet nærmast.
- Eg er sikker på at eg vil bli journalist, og no er tida komen for å gå skulevegen og lære seg journalistfaget. Hadde tenkt å søkje ei av journalistutdanningane, men Egil Torheim, ved NRK sitt lokalkontor i Odda, rådde meg til å starte med NRK Nynorsk mediesenter, seier Hans Henrik Løken.
Hans Kristen Hyrve , 1985, Skjåk i Oppland. I juni er han ferdig med Mastergrad i Russlandskunnskap ved Universitetet i Oslo, BA-graden i Russlandstudium tok han i Tromsø. Masteroppgåva handlar om oppblomstringa av russisk pornografi etter Sovjetunionens fall. Som ein del av mastergrada har han arbeidd eit halvår ved Det norske generalkonsulatet i St. Petersburg.
Svært kulturrelt interessert og aktiv visesongar og gitarist. I tillegg er han politisk engasjert og aktiv i Radio Nova, studentradioen i Oslo, som journalist, teknikar, produsent og tidvis programleiar i samtidskunstprogrammet Neu.
- Eg er frykteleg glad i nynorsken og synst det er stussleg at det er så få med mi dialekt i media. Eg ynskjer å arbeide der, skrive nynorsk og snakke nord-gudbrandsdalsdialekt, og føler praktikantkurset er som sendt frå himmelen, seier Hans Kristen Hyrve.
Fleire saker...