Søk

Journalist i NRK?

13.04.2010

Du får sjansen til å bli det om du kjem inn på det trettande kullet med nynorsk-praktikantar. Søknadsfristen er 15.april. Adressa er: nynorskmediesenter@nrk.no

Journalist i NRK?
Astrid Grov, nynorskpraktikant kull 12

- Vi reknar med at det kan bli auka pågang av folk som har oppdaga at NRK Nynorsk mediesenter kan vere ein "snarveg" inn i NRK, særleg etter at nynorskpraktikantane fekk status som interne søkjarar til stillingar i NRK når dei er ferdige, seier Magni Øvrebotten. Slik har det vore sidan tilsettingsstoppen vart innført i 2008, og sjølv om den er oppheva er det vanskeleg å kome inn i NRK, særleg for nyutdanna.

Heile lysinga finn du her

Alle søkjarar må sende oss ein skikkeleg søknad, med attestar og vitnemål. Send det gjerne på nettet, det lettar både arbeidet og kontakta med søkjarane.  - Søknadane med vitemål og attestar er viktige for å gje oss eit skikkeleg inntrykk av søkjarane, og avgjere kven som vert kalla inn. Eg likar ikkje å måtte mase om attestar og vitnemål, dei vil eg ha saman med søknaden, seier Øvrebotten. 

Ho reknar med å ha tilsett kull 13 til 20. mai og kullet byrjar på opplæringa i Førde måndag 23. august. - No håpar eg at det søkjer mange dyktige karar slik at vi ikkje endar opp med eit nytt jentekull. Dei har vi hatt fire av og det beste er blanda lag, seier Øvrebotten.

NRK Nynorsk mediesenter skaffar hyblar til alle, men praktikantane må betale dei sjølve. Nynorskpraktikantane har ei brutto løn på 13.500 kroner i månaden det halvåret praktikanttida varer. Sjå meir om praktikantkurset her

- Når halvåret som nynorskpraktikant er over vert dei rekna som interne søkjarar til jobbar i NRK, men det er sjølvsagt ein føresetnad at dei vert sett på som dyktige journalistemne, seier Øvrebotten.

Nettadressa vår er : nynorskmediesenter@nrk.no

Postadressa : NRK Nynorsk mediesenter, boks 100, 6801 Førde.

 



Fleire saker...



Fleire nyheiter