Søk

Direkte frå våren

09.03.2010

Kristin Vestreim var ute på HF for fyrste gong i dag og sende direkte frå gartneriet på Mo. Alle praktikantane er på plass i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane.

Direkte frå våren
Kristin Vestreim intervjuar Nils Jørgen Helgheim i gartneriet på Mo i Førde (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Her skal dei syne kva dei er gode for på radio, fjernsyn og Internett til 30. april. Då er det klart for ekstern praksis i andre redaksjonar dei to siste månadane. - Vi har alt hatt ein fyrste prat med dei om kvar dei har lyst til å ha ekstern praksis, men ser dei an dei fyrste vekene for å finne ut om dei eignar seg der dei ynskjer seg, seier Magni Øvrebotten. - Det er viktig både for dei og redaksjonane dei kjem til at dei har noko der å gjere, ikkje minst med tanke på sjansane for vidare arbeid etter 30.juni, seier Øvrebotten.  



Fleire saker...



Fleire nyheiter