Framifrå kurs om "kjedeleg" tema
01.03.2010
- Eg synes kurset var framifrå. God innleving og eit motiverande foredrag til eit noko "kjedeleg" emne, skriv ein deltakar på kurset i "God nynorsk" for SFE.
Sogn og Fjordane Energi hadde tinga eit pilotkurs i "God nynorsk" for skrivande folk i selskapet. Wenche Eikum heldt kurset på Sandane 4. februar og her er tilbakemeldingane personalsjef Ole Bent Søreide i SFE fekk frå deltakarane :
- Eg synes at kurset var framifrå. God innleving og eit motiverande foredrag knytt til eit noko "kjedeleg" tema.
- Kurset var nyttig, praktisk tilrettelagt, og med fokus på typiske ting der ein feilar gramatikalsk. Positivt også med økta på bevisstgjering av forenkling av bodskap. Vidare var det engasjement under kurset. Har i liten grad kritiske kommentarar, dvs eit vellukka opplegg.
- Bra gjennomført kurs. God balansegong mellom teoretiske reglar og øvingsoppgåver.
- For meg var det dette som skulle til, for å anstrenga meg litt meir for å skriva nynorsk igjen.
- Praktisk og motiverande kurs. Ei ny tilnærming til grammatikk, rettskriving og setningsoppbygnad. Mange aha-opplevingar på ting ein stadig vekk er usikker på. Neste steg må vere retningslinjer for eit godt nynorsk i konsernet.
- Takk for eit matnyttig kurs for oss som skal kommunisere med kundane våre på god nynorsk. Flott at vi jobba med eigne dokument der vi i lag gav tilbakemelding og tips på uttrykksforma. Du styrer gruppa på ein engasjert og inkluderande måte som gjer at vi evner å evaluere oss sjølve og kollegaer på ein god måte. Dette er god læring.
- Kurset i god nynorsk var engasjerande og interessant å vere med på. Det sette fokus på ting vi gjer dagleg, og med den praktiske øvinga vart det veldig relevant. Eg tek gjerne eit kurs i skriving på Internet!
- Dyktig og behageleg foredragshaldar. Takk for kommareglane dei hadde eg gitt opp har brukt magefølelsen ,,,, Nyttig, og litt farleg, med gjennomgang av eigne tekstar. Veldig greitt å få med nokre, ikkje for mange, ark med ting som er viktig å huske. Det som vart sagt går fort i gløymeboka, men det som er skrive, og skrive kort, kan hentast fram att ved behov.
Fleire saker...