Søk

Programleiar for ny programserie

25.02.2010

Samina Bruket (24) vert programleiar for ein ny fjernsynsserie kalla "Norske røter". Ho skal leie oss i jakta på dei 30-40 stammødrene våre.

Programleiar for ny programserie
Samina Bruket (Foto: NRK/NRK)

Ikkje før er Samina Bruket ferdig som programleiar for Norge Rund så vert ho hyra som programleiar for ein ny serie NRK har på trappene.
1. mars er det akkurat eitt år sidan Samina var ferdig som nynorskpraktikant og fekk seg tilkallingskontrakt i NRK Rogaland. Der fekk ho fast tilsetting i fjor haust.

Her klypper vi frå nettsidene til NRK Rogaland om kva "Norske røter" og den nye oppgåva til Samina skal handle om :

På jakt etter røttene
 

Samina har fått jobb i DokU-satsinga "Norske røtter". Ho skal leie oss og heile det norske folk i jakta på dei 30-40 stam-mødrene våre.

Av

 

 

Programserien blir laga i Bergen og Samina skal arbeide hovudsakleg derifrå ut september i år. Ho blir truleg også delvis med i ferdigstillinga av programmet fram mot årsskiftet.

 

Sverd i fjell

Opptak startar alt i neste veke. Då er det Hafrsfjord og monumentet "Sverd i fjell" som er åstaden. Dermed får du sjansen til å seie hei og høyre meir om serien.

Samina sjølv er overlukkeleg, spesielt sidan ho har bachelor i historie er det eit interessant stoffområde å jobbe med. Rykta seier at omfattande gentesting av det norske folk er ein del av konseptet. Samina startar jobben med å lese seg opp.

Sjølv om Samina no får eit fotfeste i Bergen er ho veldig klar til å kome tilbake til Rogaland og ho gler seg også til å jobbe i radio igjen.

Tilbake til forhistorisk tid

Norske røtter ein ein stor dokumentarserie der vi vandrar i fotspora til forfedrene og fortel historien om korleis dei levde. Den skal heilt tilbake til fortellinga om kolries landet vårt vart befolka av norrøne og samiske folk over ti tusen år, heilt frå istida til og med vikingtida.

 

Serien skal baserast på spennande viten innan arkeologi og genetikk og blir delt inn i tre episoder: den eldre steinalderen (jegrar og samlarar), yngre steinalder (jordbruket kjem), og til slutt bronse- og jernalderen (inkl. vikingtiden som sluttar ca 1050 e.Kr.).På jakt etter røttene





Fleire saker...



Fleire nyheiter