55 nynorskpraktikantar
01.03.2010
Kull 11 er ferdige som nynorskpraktikantar og totalt har vi lært opp 55 stykke. 75 % av dei har arbeid i media, 36 i NRK. Snart lyser vi ut kull 13.
Frå venstre: Mathias Oppedal, Aleksander Vallestad, Sara Myhren Kornberg, Simon Solheim og Bjørn Ivar Voll (Foto: Randi Indrebø/NRK)
Frå 1. mars 2010 må kull 11 syte seg sjølve med arbeid, dei er ferdige som nynorskpraktikantar. Mathias Oppedal ( frå venstre) er tilkallingsvikar i NRK Rogaland. Aleksander Vallestad har fått 50 prosent vikariat på lokalkontoret på Stord fram til påske og resten tilkalling i NRK Hordaland på Minde. Sara Myhren Kornberg har fått tilkallingskontrakt med Norgesglaset, noko som betyr at ho kan arbeide for alle redaksjonane på Tyholt. Simon Solheim er vikar i NRK Sogn og Fjordane og Bjørn Ivar Voll har fått kontrakt som vikar/tilkallingsvikar/ sommarvikar i NRK Dagsnytt.
- Det er kjekt at nok eit kull lukkast i å skaffe seg arbeid når dei er ferdige her. No er det trangt om jobbane, men nynorskpraktikantane har ein fordel i at NRK har bestemt at dei skal få sokalla "positiv særbehandling". Dei skal reknast som interne søkjarar til både faste jobbar, vikariat og tilkalling, og skal gå føre andre vikarar og søkjarar utanfrå. Men det ymsar mykje i kva grad redaksjonane praktiserar dette, seier Magni Øvrebotten.
Fleire saker...