Klare for røynda
04.03.2010
I dag "prøvesmakar" kull 12 på å arbeid i redaksjonen, slik dei har gjort ved fleire høve alt. Men tysdag 9. mars er dei klare for to månader der.
Oppe frå venstre: Mari Langva, Gunn Evy Auestad og Kristin Vestreim. Nede frå venstre: Ingvil Aaen Torpe og Astrid Marie Grov (Foto: Randi Indrebø/NRK)
Redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane er vel van med å ta mot både praktikantar og andre som skal lære seg journalistikk for radio, fjernsyn og internett. Kull 12 skal vere der ut april, då dei er klare for to månader ekstern praksis i andre redaksjonar, i eller utanfor NRK. Slik oppsummerer dei fem damene dei to fyrste månadane i NRK Nynorsk mediesenter:
Gunn Evy Auestad: - Som nynorskpraktikant skal ein lære utruleg mykje på kort tid. Dagane er varierte, og utfordringane er mange. Ein dag er ein ute og lagar radiosak om skogsnæringa i Sogn og Fjordane, ein annan dag er det fjernsynsreportasje om feiring av feitetysdag på gamleheimen som står for tur. Kvardagen er uføreseieleg, og såleis er det også kort veg mellom nedturane og oppturane. Somme dagar er ein fortvila over at ein ikkje får has på ting, men motløysa er fort gløymt når ein lukkast. Alt i alt kjenner me oss utruleg priviligerte som har fått høve til å få ei så god og praktisk retta innføring i journalistyrket, med nynorsken som språkleg plattform.
Astrid Marie Grov: - Dei to fyrste månadene ved mediesenteret har vore både utfordrande og lærerike. Tida har vore full av a-ha-opplevingar knytt til både radio, TV og nett. No er eg spent på å kome ned på desken for å prøve ut kunnskapane i "den verkelege verda".
Mari Brente Langva: - Dei to første månadane ved NRK Nynorsk mediesenter har vore intensive, utfordrande og utviklande. Det er veldig mykje å lære og sette seg inn i. Dess meir eg lærer, dess meir oppdagar eg kor mykje meir eg har å lære. Samtidig er det godt å ha praktiske øvingar heile tida, slik at eg ser at eg faktisk har ein framgong frå dag til dag. Det er utruleg kjekt å få jobbe praktisk med journalistikken frå dag éin.
Ingvil Aaen Torpe: - Dei to første månadane som nynorskpraktikant har gått fort. Ingen dagar har vore heilt like, og eg har lært veldig mykje. No skal me snart ut i praksis og bli ein ordentleg del av redaksjonen her på huset. Det kjem nok til å kribla litt ekstra i magen første dagen, men eg gler meg veldig!
Kristin Vestreim: - Har hatt to ekstremt lærerike månader med mange utfordringar. Har trivst veldig godt, og gledd meg til å gå på jobb. Syns det har blitt vist tillit til oss, det er fint å vera ein stad der nokon har tru på at du kan klare meir enn det du sjølv trur i utgangspunktet. Dagane har vore svært varierte, også emosjonelt. Har stort sett hatt det veldig bra, men nedturane er der sjølvsagt også enkelte dagar. Trivst elles godt med både lærarar og praktikantar.
Fleire saker...