Fast jobb i NRK Super
19.02.2010
Ingunn Thon har fått fast jobb som produksjonsassistent i NRK Super. Ho har arbeidd der sidan ho var der i ekstern praksis på kull 10.
Ingunn Thon (Foto: Geirmund Henjum/NRK)
- Eg trivst utruleg godt i BarneTV og er veldig glad for å ha fått fast tilsetjing her, seier hallingjenta Ingunn Thon (1986). Ho gjekk på kull 10 med nynorskpraktikantar, som var ferdige med opplæringa i fjor sommar.
- Kva gjer ein produksjonsassistent i barneTV?
- Det finst inga liste på kva jobben min går ut på, eg blir kasta ut i det meste og føler at eg lærer noko nytt kvar dag. Eg syter for at alt går som det skal i studio og på LET-opptak, eg driv mykje researcharbeid, er foreldrekontakt og ansvarleg for alle borna som er med og skaffar kostymer og rekvisittar til opptak. Dessutan dukkar eg stadig opp i NRK Super kl.1800, som Turid, høna på garden. Opplæringa eg fekk i NRK Nynorsk mediesenter har gjort meg til den uofffisielle Digas-vakta i redaksjonen, seier Ingunn Thon.
Fleire saker...