Søk

I godt gjenge

11.02.2010

- Det var mykje vellæte å høyre om kull 11 på praksisplassane, seier Magni Øvrebotten etter avslutta rundreise Oslo - Trondheim - Stavanger - Bergen - Førde. Men arbeidsmarkedet spissar seg til.

I godt gjenge
Frå venstre: Aleksander Vallestad, Mathias Oppedal, Sara Kornberg Myhren, Simon Solheim og Bjørn Ivar Voll (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Kull 11 har to veker att av den eksterne praksisen. Aleksander Vallestad i NRK Hordaland, Mathias Oppedal i NRK Rogaland, Sara Myhren Kornberg i Norgesglaset i P1, Simon Solheim i NRK Sogn og Fjordane og Bjørn Ivar Voll i NRK Dagsnytt.

- Det ser ut til å ordne seg med vidare arbeid for alle denne gongen også, men eg merkar godt at redaksjonane er usikre på kutta i NRK og reddare for å forplikte seg, seier Øvrebotten.

Ho la serleg merke til at krava til idear og sjølvstendig arbeid aukar på, det er mest som om redaksjonane vurderer praktikantane på line med røynde journalistar. Nålauget er smalt og viljen til å smette gjennom må vere godt for å lukkast. -  Omkvedet i redaksjonane er framleis at nynorskpraktikantane klarer seg svært godt i samanlikninga med studentar frå andre lærestader. Det er unekteleg ein viktig målestokk for oss, seier Magni Øvrebotten.  

 



Fleire saker...



Fleire nyheiter