Rundreise til kull 11
04.02.2010
Frå 5. til 11. februar skal Magni Øvrebotten på rundreise til kull 11 i ekstern praksis, for å høyre korleis det går med dei siste månaden som nynorskpraktikantar.
Magni Øvrebotten (Foto: Randi Indrebø)
Dette er ei tradisjonell reise, som har vore gjort for alle føregåande kull med nynorskpraktikantar. Fyrst ein prat med nynorskpraktikanten, så med fadderen og deretter redaksjonsleiinga, og til slutt ei oppsummering med nynorskpraktikanten.
- Eg vil høyre korleis dei har hatt det i ekstern praksis frå nyttår av, korleis faddrane opplever dei og kva inntrykk redaksjonsleiinga sit att med. Sjølvsagt spør eg og om sjansane deira til å få halde fram etter 1.mars, seier Magni Øvrebotten.
Reiseruta ser slik ut :
Dagsnytt fredag 5. februar, der Bjørn Ivar Voll er i praksis. Norgesglaset i NRK 1 måndag 8. februar, der Sara Myhren Kornberg har praksis. NRK Rogaland er praksisplass for Mathias Oppedal, og dei får besøk tysdag 9. februar, og dagen etter er det Aleksander Vallestad i NRK Hordaland som står for tur. Torsdag 11. februar er Øvrebotten attende i Førde, der Simon Solheim har praksis i NRK Sogn og Fjordane.
Fleire saker...