Søk

- Håpar på fleire nynorskbrukarar i Dagsrevyen

01.02.2010

-Det er nesten ikkje nynorskbrukarar att i Dagsrevyen no som eg er vaktsjef. Det sa vaktsjef i Dagsrevyen, Svein Ove Hansli, då han møtte praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter.

 

- Håpar på fleire nynorskbrukarar i Dagsrevyen
Svein Ove Hansli, vaktsjef i NRK Morgennytt, fortel om arbeidsstaden sin (Foto: Gunn Evy Auestad)

Hansli var sjølv nynorskpraktikant i det fyrste kullet frå NRK Nynorsk mediesenter. Han fortalde praktikantane at han stort sett fekk veldig positive tilbakemeldingar på at han brukte nynorsk i reportasjene og nyheitssakene han laga. Både frå reporterar og vaktsjefar. Men no var det for få nynorskbrukarar att i Dagsrevyen, meinte han.

Hansli fekk støtte av Ingvild Bryn som viste til det same då ho fortalde om å vere nynorskbrukar i eit hektisk nyheitsmiljø. - Det er slutt på den tida då folk på desken kommenterte ordbruken til journalistar som brukar nynorsk, sa Bryn. Men vi er for få nynorskbrukarar, sa ho.

Bryn oppmoda praktikantane til å vere positive i redaksjonen, seie ja til arbeidsoppgåvene dei får, høyre og lese nyheiter.



Fleire saker...

Fleire nyheiter