Kull 12 på plass
04.01.2010
Kull 12 har byrja. Frå venstre Ingvil Aaen Torpe, Astrid Marie Grov, Mari Langva, Gunn Evy Auestad og Kristin Vestreim.
Måndag 4.januar 2010 ynskte vi kull 12 velkomen. Det er fem jenter frå Tinn, Karmøy, Voss, Sogndal og Volda. Her litt meir om kva dei har drive på med før dei kom til Førde:
Gunn Evy Auestad (1986), frå Karmøy i Rogaland, studerer samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, med spesialisering i latinamerikansk politikk. Har også eit årsstudium i Spansk- og Latin-Amerikastudiar. Ho har arbeidd som nyhendejournalist i Haugesunds Avis og studentavisa Studvest. Aktiv i studentgruppa til Rafto-stiftinga.
- Identiteten min som nynorskbrukar er sterk. Som vestlending er dette den målforma som ligg nærast opp til talemålet mitt. Eg har difor alltid hatt nynorsk som hovudmål, og har eit medvite forhold til eigen språkbruk, seier Gunn Evy Auestad.
Astrid Marie Grov (1984), frå Hovin, Tinn kommune i Telemark. Vitskapleg assistent ved Testlaboratoriet, Institutt for lingvistiske- og nordiske studiar, Universitetet i Oslo. Har mastergrad i språk, studieretning lingvistikk, frå UiO og ei årseining i folkemusikk frå Akademiet i Rauland.
- Eg trur eg eignar meg betre som utolmodig journalist enn som forskar. Men språkvitskapen skal ha æra for å ha ført meg attende til nynorsken, etter nokre års misforstått bokmålsbruk. No er nynorsken viktigare for meg enn dialekta mi, seier Astrid Marie Grov.
Kristin Selseng Vestreim (1982), frå Kaupanger i Sogn. Arbeider i Verdens Sterkeste Mann Radiobyrå AS, eit produksjonsbyrå i Oslo som arbeider med reklame og lydlegging av film. Sjølv har ho vore med på prosessen frå manus til ferdig produkt. Vestreim har studert nordisk språk ved Universitetet i Oslo og tok grunnfag i kunsthistorie ved NTNU i Trondheim.
- Reklame kan vere vel og bra, men det er ikkje i den bransjen eg vil ende mine dagar. Eg ynskjer aller helst å jobbe som nyhendejournalist, og kan eg medverke til at nynorsken vert meir brukt i media er det ingenting eg heller vil, skriv Kristin S. Vestreim.
Ingvil Aaen Torpe (1982), frå Voss i Hordaland. Arbeider som LET-regissør i produksjonsselskapet Monster Entertainment i Oslo, der ho også har vore manusforfattar og researcher. Har BA-grad i fjernsyn- og multimedie-produksjon ved Universitetet i Stavanger, og grunnfag i medievitskap frå NTNU i Trondheim.
- Eg har meir og meir lyst til å arbeide som journalist. Har alltid vore oppteken av nynorsken, både skriftleg og munnleg. Men i ein Oslostyrt underhaldningsbransje er ikkje alltid det like lett! seier Ingvil Aaen Torpe.
Mari Michaela Brente Langva (1986), frå Volda på Sunnmøre. Har studert medieproduksjon ved NTNU sidan 2007 og er redaktør for Student-TV i Trondheim. Der har ho vore både journalist og vaktsjef. Før ho reiste til Trondheim var ho frilansar for lokalavisa Møre. Ho har studert Spansk språk og latinamerikansk kultur i Mexico, i regi av Gateway college.
- Motivasjonen for å søkje NRK Nynorsk mediesenter er todelt. For det første har eg lyst til å lære meir om journalistikk og for det andre vil eg gjerne medverke til at fleire tør å halde på nynorsken sin. Eg trur meir og betre bruk av nynorsk i media har mykje å seie i den samanhengen, seier Mari Langva.
Fleire saker...