Sara skapte debatt om 2010
18.11.2009
Sara Myhren Kornberg si sak om korleis årstalet 2010 skal uttalast skapte liv og røre i dag, onsdag. Saka gjekk lokalt og i NRK Kulturnytt om morgonen, og meir vart det utover ettermiddagen.
Inspirert av oppslaga på morgonkvisten, vart det i ettermiddag debatt i Her&Nå på P1 mellom språkdirektør Sylfest Lomheim og Ruth Vatvedt Fjeld, språkkonsulent for bokmålet i NRK.
Tjueti eller totusenogti vert også debattert i Kulturnytt i P2 mellom kl. 1600 og 1700.
Sara sin riksdebut
Saka er den fyrste Sara Myhren Kornberg har hatt på riksnettet. Det er alltid ei god oppleving når sakene "veks" seg store, og Sara skriv om det i bloggen sin i dag.
Kull 11 har vore flinke leverandørar av rikssaker til både radio og fjernsyn. 2010-saka er eit godt døme på korleis sakene vandrar og utviklar seg utover dagen.
I dag har kull 11 berre ein månad att i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, før dei etter ein velfortent juleferie tek fatt på den eksterne praksisen frå 4. januar til 28.februar 2010.
Fleire saker...