Søk

- Litt flaut, men veldig stas!

09.09.2009

- Det er litt flaut, men veldig stas å få den fyrste saka si på lufta, seier Simon Solheim. Han tykkjer det er kjekt at reportasjen han har laga om segling i Florø, er så omtykt at den blir sendt to gonger i sendingane til NRK Sogn og Fjordane.

- Litt flaut, men veldig stas!
Simon Solheim. Foto: Randi Indrebø/NRK

Den unge nynorskpraktikanten er dermed den fyrste som debuterter på lufta.

- Det er litt ubehageleg og uvant å høyre mi eiga stemme, men kjekt å få så gode tilbakemeldingar, seier Simon Solheim. Han tykkjer det er stor skilnad på å lage radio i forhold til å skrive i avis. I radio må ein hoppe meir mellom kjeldene og tenke dramaturgi.

19-åringen får mykje skryt av dei meir røynde journalistane for fin bruk av lyd og stemmebruk. Høyr reportasje her.



Fleire saker...



Fleire nyheiter