Veker med uro
16.02.2012
- Dei siste vekene før nynorskpraktikantane er ferdige er eg uroleg. Får dei halde fram der dei er, glippe taket no eller klarer dei seg? Eg er som ei ottesam mor brukar å vere før avkommet skal opp til eksamen, seier Magni Øvrebotten.
Kull 15,frå venstre: Sondre Dalaker, Lars Erik Andreassen, Maria Pile Svåsand, Agnese Bremere og Susanne Egset. (Foto: NRK/Randi Indrebø)
1. mars er det femtande kullet med nynorskpraktikantar ferdige med dei seks månadane med opplæring og praksis. - Det ser ikkje verst ut for dette kullet. Tre av fem har alt fått avklara at dei får halde fram der dei er, ein som vikar, dei to andre som tilkallingsvikarar. Det er bra, seier Øvrebotten.
Vi gjer det vi kan for at praktikantane skal hamne i rette redaksjonen, ut frå talent og interesser. Men det er likevel ikkje gjeve at det er plass til dei der når praksistida er over. Nokon redaksjonar treng alltid folk, særleg gjeld det nyhenderedaksjonane, medan andre korkje har pengar eller stillingar til fleire enn dei alt har. Men i botn må det ligge at nynorskpraktikantane er dyktige nok.
- Ungdomen vil til dei store byane, sjølv om det er færre ledige jobbar der enn elles. Det nyttar ikkje å fortelje dei det, men eg held framleis dei lange preikene mine om kor karrierefremjande det kan vere å satse på distriktskontora.Om så berre for nokre år, og få mengdetrening i alt, seier Øvrebotten.
På kull 15 er tre av fem utanfor Marienlyst, det er mest rekord: Sondre Dalaker er i NRK Sogn og Fjordane, Maria Pile Svåsand i NRK Hordaland, Lars Erik Andreassen i mP3 på Tyholt, Agnese Bremere i Kulturnytt i NRK P2 og Susanne Egset i NRK Dagsnytt.
Fleire saker...