Mathias, Magnus og strendene på Jæren
16.02.2012
- Jærstrendene om vinteren - eit strandliv utan solfaktor. Det programmet kan du sjå på NRK1 torsdag 23. februar kl. 20.45. Det er laga av to tidlegare nynorskpraktikantar; Mathias Oppedal og Magnus Stokka, begge i NRK Rogaland.
Mathias Oppedal og Magnus Stokka (Foto:Mari Friestad/NRK)
- På dei langstrakte strendene på Jæren er det eit yrande folkeliv, sjølv på vinteren. Surfing, vindbading, fuglekikking og hundelufting er nokre av dei mange aktivitetane i vinterhalvåret, seier Magnus Stokka, som har laga fjernsynsprogrammet saman med kollega Mathias Oppedal.
Dei er begge fast tilsette i NRK Rogaland og kom inn i NRK via Nynorsk mediesenter. Magnus gjekk på det niande kullet, i 2008/2009, og Mathias på kull elleve, i 2009/2010. Dei er alt i gang med å lage eit nytt program til serien "Glimt av Norge", om ambulansebåtane langs kysten vår.
Fleire saker...