Spennande Oslo-tur
14.02.2012
Førre veke var spennande. Endeleg var det tid for Oslo-tur med to fulle dagar med besøk på Marienlyst.
Wilhelm Støylen, Katrine Nybø og Ingunn Rauk i P3-studio med bl.a. programleiar Ronny Brede Aase (Foto: Raymond Lidal/NRK)
- Eg er spent på å kome på huset, og kanskje sjå min framtidige arbeidsplass, fortel Raymond Lidal ivrig.
Den første dagen på Marienlyst vart opna med deltaking på morgonmøtet i nyhendeavdelinga. Her fekk me sjå korleis ein vanleg morgon går føre seg, og kjenne på den hektiske stemninga på desken.
Vidare var det møter og lunsj med tidlegare praktikantar som har vore så heldige å greidd å klore seg fast på Marienlyst, der vi plutseleg fekk sjølvaste Dan Børge Akerø til bords mot slutten.
Me var også så heldige å få vere publikum på innspelinga av fredagens Nytt på Nytt, før vi etterpå møtte dei praktikantane som enno er i eksternpraksis, til middag.
Fredagen var sett av til underhaldningsavdelingane i NRK, der me starta dagen med å vere med i siste halvtimen av P3-morgen med Ronny, Live og Yngve. Me var òg innom NRK Super, der vi til alle si store begeistring møtte ein gammal barndomshelt sitjande i gangen, sjølvaste Flode.
Begge dagane fekk vi gode råd om korleis vi skal greie å klore oss fast i NRK, alt i frå Asbjørn Slettemark, kompetansjesjef i NRK Bemanning Jorunn Nevstad til dei tidlegare nynorskpraktikantane. Og råda er stort sett dei same uansett kven du spør, ver engasjert, oppdatert, positiv og bidra, bidra bidra!
Katrine Nybø, kull 16
Fleire saker...