Inspirerande oppfrisking
07.02.2012
Fredag 3.februar var Jan Olav Fretland på besøk, der det blei både dikt, språkhistorie og rettskrivingsregler for nynorskpraktikantane.
Jan Olav Fretland (Foto: Wilhelm Støylen/NRK)
Fretland opna med å slå fast at alle må finne si eiga språksjel, og at han håpte han klarte å provosere litt i løpet av dagen. Litt debatt blei det òg etterkvart.
Fretland, som har fartstid i både Språkrådet og Noregs Mållag, viste variasjonane i den muntlege språket ein kan bruke som journalist, og på vala ein må ta.
Nynorsk i historisk perspektiv
Den historiske delen av besøket, verka å vere kjærkoment. 1.amanuensisen ved Høgskulen i Sogndal, sette nynorsk og bokmål i perspektiv, og viste korleis forskjellane og kranglane mellom språksidene, framleis er dei same, og ikkje minst har forandra seg.
Han prata om dialektbruk i offentlege og sosiale samanhengar, og sa klart frå om at ein må vere stolt av sitt eige talemål.
Song og regler
I andre del av foredraget, fekk praktikantane ei god innføring i den komande endringa nynorsken skal oppleve. Frå 1.august i år, blir mange av fellesorda i nynorsk og bokmål fjerna frå nynorsken, samtidig som meir konservative ord som "soli", "fær" og "jentor" går ut. Det betyr at det i stor grad at det blir fleire reine hovudformer av ord, og færre likestilte ord i nynorsk rettskriving.
Etter innføringa i reglar, blei det meir praktisk. Ti klare reglar om god nynorsk blei både vist i teori og praksis, der praktikantane blant anna song;
Hannkjønn og hokjønn ubestemt fleirtal
endar på -r, det er sikkert og visst.
Inkjekjønn omvendt, r-en er bannlyst
får du med det, blir du meister til sist.
Songen var påkrevd, og gjekk til melodien til "Nisser og dverge".
Etter mange gode timar, med både diskusjon og latter, fekk Jan Olav Fretland velfortent applaus for ei særs god oppfrisking i nynorsk språk - både muntleg og skriftleg.
Referent var Hans-Olav Rise
Fleire saker...